Det latinske alfabetet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Det latinske skriftsystemet)
Hopp til navigering Hopp til søk

Det latinske alfabetet var alfabetet brukt tli å skrive latin. Variantar av dette alfabetet er i dag brukt for nesten alle språka i landa som vart kristna frå den vestre delen av det delte Romarriket. Det latinske alfabetet er dermed det mest utbreidde skriftsystemet i verda. Det blir brukt i Vest-Europa og dei fleste tidlegare koloniane til desse landa. Alfabetet har få teikn, men ved å kombinera desse med kvarandre og fleire aksentteikn kan dei stå for fleire lydar i ulike språk. Det latinske alfabetet er òg utgangspunktet for det fonetiske alfabetet.

Det opprinnelege latinske alfabetet[endre | endre wikiteksten]

Det opprinnelege latinske alfabetet var bygd på det greske alfabetet, og besto av desse 23 bokstavane:

A B C D E F G H I K L M N O P Q R S T V X Y Z

Variantar av det latinske alfabetet[endre | endre wikiteksten]

Dei opprinnelege 23 bokstavane utgjer i lag med dei tre bokstavane J, U, W det latinske grunnalfabetet, som t.d. er representert i ASCII.

Dei fleste språka som bruker det latinske alfabetet har lagt til diakritiske teikn eller tilleggsbokstavar.


Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.