Det lesothiske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det lesothiske flagget. Storleiksforhold 2:3
Det første flagget til Lesotho.
Det lesothiske flagget 1967–2006

Det lesothiske flagget har tre horisontale striper med blått over kvitt over grønt. I midten er ein svart stråhatt, ein mokorotlo, avbilda. Den midtre kvite stripa er breiare enn dei to andre, det innbyrdes forholdet er 3:4:3. Dette gjev bedre plass til stråhatten, som etter loven skal fylla 92 % av høgda til den kvite stripa. Fargane i flagget står for regn (blått), fred (kvitt) og velstand (grønt).[1] Den svarte hatten representerer innbyggjarane i Lesotho.[1] Flagget har storleiksforholdet 2:3.

Det noverande lagget blei teke i bruk som nasjonalflagg for Lesotho blei første gong teke i bruk midnatt mellom 3. og 4. oktober 2006 i samaband med feiringa av landet sitt 40-års sjølvstendejubileum.[2][3]

Tidlegare flagg[endre | endre wikiteksten]

Lesotho har tidlegare hatt to andre nasjonalflagg:

1966-1987[endre | endre wikiteksten]

Det første nasjonalflagget til Lesotho blei første gong heist 4. oktober 1966, då landet fekk sjølvstende frå Storbritannia. Det dominarende partiet ved sjølvstendet var Basotho National Party (BNP) leia av Leabua Jonathan, som blei den første statsministeren. På bakgrunn av forslag til flagg utarbeida av den britiske arkitekten Peter Hancock valde Jonathan ut det som blei det første nasjonalflagget til landet. Fargane på flagget var identiske med partifargane til BNP. Nasjonalflagget var dominert av eit blått felt der det var plassert ein stråhatt i kvitt. Ved stonga var det smale striper av grønt og raudt.

1987-2006[endre | endre wikiteksten]

Statsminister Jonathan, som tok seg diktatoriske fullmakter, blei styrta ved eit militærkupp i 1986. Dei nye militære makthavarane i Lesotho rekna flagget frå 1966 som for nært knytt til statsminister Jonathan og hans parti. I 1987 blei det innført eit nytt flagg, utforma av sersjant Retšelisitsoe Matete.[4] Dette var skrådelt i fargane kvitt, blått og grønt, tilsvarande mottoet i riksvåpenet som lyd «khotso, pula, nala». Dette betyr 'fred, regn, velstand' og er representert av kvitt, blått og grønt. Stråhatten blei bytta ut med eit tradisjonelt skjold med krosslagde våpen bak, nærare bestemt spydet assegai og klubba knobkerrie, alt i brun farge. Flagget blei teikna av den sørafrikanske statsheraldikaren Frederick G. Brownell.

Flagget blei etterkvart utsett for kritikk, både fordi det var innført av militærregimet og fordi det ikkje viste stråhatten, eit av de fremste identifikasjonsmerkene for Lesotho. Særleg partiet Lesotho Congress for Democracy (LCD), som sat med regjeringsmakta etter valgsiger i 2002, kjempa for å innføra eit nytt flagg der stråhatten var med. Fleire nye flagg med ein brun stråhatt blei føreslåtte, men ei utgåve med svart hatt blei til slutt vald. Den lesothiske nasjonalforsamlinga røysta over det nye flagget 18. september 2006. 84 parlamentsmedlem røysta for det og 18 imot, medan to lét vera å røysta.[4] Seinare blei det også godkjend av Senatet.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Flag Description». Arkivert frå originalen 12. oktober 2020. Henta 18. september 2017. 
  2. «Lesotho unfurls 'peaceful' flag». BBC News. 4. oktober 2006. 
  3. 3,0 3,1 «Senators give new flag green light». The Lesotho Government Portal. Arkivert frå originalen 8. desember 2008. Henta 5. oktober 2006. 
  4. 4,0 4,1 "New National Flag Passed by Parliament", Summary of Events in Lesotho, 3rd Quarter 2006, trc.org.ls.