Norte chico

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Det litle nord i Chile)

Norte chico (det litle nord, nære nord) er ein av dei fem naturlege regionane som Corporación de Fomento de la Producción i Chile delte det kontinentale Chile inn i i 1950. Regionen har ei nordleg grense mot Norte grande, i vest ligg Stillehavet, mot aust Andesfjella og Argentina, og i sør den naturlege regionen Zona central. Frå eit strengt geografisk synspunkt svarer Norte chico til det chilenske territoriet mellom elvene Copiapó og Aconcagua, men tradisjonelt har omgrepet referert til sona som femnar om dei administrative regionane Atacama og Coquimbo.[treng kjelde] Denne regionen var heimen til diaguita-folket.

Det litle nord (Norte chico) strekkjer seg frå den sørgrensa til Atacama-ørkenen til omtrent 33° sørleg breiddegrad, eller like nord for Santiago. Det er ein halvtørr region der det sentrale området får gjennomsnittleg omtrent 25 mm regn i løpet av kvar av dei fire vintermånadene, med spormengder resten av året. Norte chico er også utsett for tørke. Temperaturane er moderate, med eit gjennomsnitt på 18,5 °C om sommaren og rundt 12 °C om vinteren ved havnivå. Vinterregnet og smeltinga av snøen som samlar seg ved Andesfjella produserer elver med vassføring som varierer med årstidene, men fører vatn året rundt.

Som i Norte grande har kystområda i Norte chico eit distinkt mikroklima. I dei delane der den luftborne fukta i havet er fanga av høge åsar med utsikt over havet, blir utvikla temperert regnskog ettersom vegetasjonen feller ut fukt i form av eit tåkete regn. Eit døme finst i Bosque de Fray Jorge nasjonalpark. Maritim fukt kan trengje inn i landet langs dalføra og ytterlegare redusere det generelt tørre klimaet i desse dalane. Dei høgare høgdene i dei indre seksjonane er dekte med buskar og kaktus av ulike slag.

Norte chico er ein fjellrik region der langstrekte utløparar kryssar landet frå Andesfjella ned til til kysten i vest, og dannar tverrgåande fruktbare dalføre. Dei djupe tverrdalane gir breie område for storfehald og, viktigast, fruktdyrking, ein aktivitet som har utvikla seg sterkt sidan midten av 1970-talet. Nesten all chilensk pisco blir produsert i Norte chico, chilenske lover definerer pisco som ein drink produsert i regionen. Dyrking av jorda blir mogleg med hjelp av kunstig vatning og dels av lett periodisk regn.

Nokre område av Norte chico har tørr luft og sjeldan skydekke, noko som gjer dei til ein utmerkt stad for teleskop. Viktige astronomiske observatorium i regionen inkluderer Cerro Tololo interamerikanske observatorium og La Silla-observatoriet.

Andesfjella i Norte chico er heimstad for det første, andre og fjerde høgaste fjellet i Chile. Svarer høvesvis til Ojos del Salado, Nevado Tres Cruces og Incahuasi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]