Det moldovske platået

Det gamle fyrstedømet Moldavia bestod av heile Det moldovske platået og somme naboområde i Karpatane
Det moldovske platået (rumensk Podişul Moldovei) er eit geografisk område som strekkjer seg frå det nordaustlege Romania, gjennom det meste av Moldova (utanom sørlege område) og det meste av Tsjernivtsi oblast i Ukraina.
Det moldovske platået grensar til:
- i vest til Aust-Karpatane (rumensk Carpaţii Orientali),
- i nord og nordaust til Det podolske høglandet (rumensk Podişul Podoliei),
- i aust til Den pontiske sletta (rumensk Câmpia Pontică), ein del av Den eurasiatiske steppe (rumensk Stepa Eurasiatică),
- i søraust til Bugeacsletta (rumensk Câmpia Bugeacului, Câmpia Moldovei de sud), (3210 km2 i Moldova)
- i sør til Den rumenske sletta, òg Bărăgansletta (rumensk Câmpia Română, Câmpia Bărăganului) og
- i sørvest til Vranceaåsane (rumensk Dealurile Vrancei), delar av Subcarpaţii de curbură.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Moldavian Plateau» frå Wikipedia på engelsk, den 8. september 2012.