Det nederlandske austindiakompaniet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nederlands koloniområde med områda til det nederlandske austindiakompaniet markert i ei lysare grønfarge rundt Indiahavet samt St. Helena i Atlanterhavet.

Det nederlandske austindiakompaniet (nederlandsk Vereenigde Oostindische Compagnie, forkorta VOC) var eit nederlandsk selskap stifta 20. mars 1602 da det vart tildelt monopol på koloniverksemd i Asia av Generalstatane. Det var det første multinasjonale selskapet i verda og det var det første selskapet som trykte aksjer. Det var viktig i handelen i nesten to hundreår før det gjekk konkurs og vart oppløyst i 1798. Selskapet hadde rett til å gå til krig, stifte koloniar og inngå avtalar med asiatiske herskarar.

Logoen til Amsterdam-kammeret i VOC

VOC bestod av seks kammer (Kamers) i Amsterdam, Middelburg (for Zeeland), Enkhuizen, Delft, Hoorn og Rotterdam. Delegatar frå desse kammera samla seg som Heeren XVII (dei sytten herrane).

Til rådet Heeren XVII vart åtte delegatar sendt frå kammeret i Amsterdam, fire frå Zeeland, og ein frå kvart av dei mindre kammera. Amsterdam hadde derfor ei viktig røyst i rådet. Zeelandarane var særleg mistenksame i oppstarten av VOC på grunn av dominansen frå Amsterdam. Frykta var ikkje ugrunna sidan det i praksis var kammeret i Amsterdam som staka ut kursen for selskapet.

Dei seks kammera skaffa startkapitalen for det nederlandske austindiakompaniet:

Kammer Kapital (Gylden)
Amsterdam 3 679 915
Zeeland 1 300 405
Enkhuizen 540 000
Delft 469 400
Hoorn 266 868
Rotterdam 173 000
Totalt: 6 424 588

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Det nederlandske austindiakompaniet
Spire Denne historieartikkelen som har med Nederland og økonomi å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.