Hopp til innhald

Det nederlandske vestindiakompaniet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det nederlandske vestindiakompaniet


Org.formBørsnotert selskap
BransjeDen atlantiske slavehandelen, Handel
Skipa3. juni 1621
Nedlagd1792
Etterfylgjar(ar)Tweede Geoctroyeerde West-Indische compagnie
MorselskapDet nederlandske austindiakompaniet
Eigenandel iFort Ruychaver
HovudkontorWest-Indisch Huis
LandDei sameinte Nederlanda
ProduktSLC18A3
Grunnleggjar(ar)Willem Usselincx, Johannes de Laet
Nederlandske koloniområde med områda til Det nederlandske vestindiakompani markert i ein mørkare grønfarge rundt Atlanterhavet.
Vestindiahuset i Amsterdam, hovudkvarteret for handelskompaniar frå 1623 til 1647, illustrasjon frå 1655.

Det nederlandske vestindiakompaniet (nederlandsk West-Indische Compagnie, forkorta WIC) var eit handelskompani av nederlandske kjøpmenn som 3. juni 1621 fekk innvilga monopol på handel i vesten av Dei sameinte Nederlanda. Området der WIC kunne operera bestod av Vest-Afrika (området mellom Krepsen sin vendekrins og Kapp det gode håp) og Amerika, som omfatta Stillehavet og den austlege delen av Ny-Guinea. Det tiltenkte formålet med handelsmonopolet var å fjerna konkurransen mellom dei mange handelspostane som var grunnlagde av nederlandske kjøpmenn. Kompaniet bidrog sterkt til den nederlandske koloniseringa av Amerika.

WIC var organisert på same måte som Det nederlandske austindisakompaniet, som hadde handelsmonopol for Asia frå 1602, bortsett frå at WIC ikkje hadde tillating til å gjera militære operasjonar utan samtykke frå nederlandske styresmakter.