Det newzealandske riksvåpenet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det newzealandske riksvåpenet

Det newzealandske riksvåpenet stammar frå 1911 og blei noko endra i 1956. Fram til 1911 brukte New Zealand same riksvåpen som Storbritannia.

Riksvåpenet er eit skjold som er to gonger kløvd. 1. felt er delt av raudt og blått, med fire femtakka, raude og sølvkanta stjerner plassert som Sørkrossen i øvre felt, eit symbol ein også finn på det newzealandske flagget. I nedre felt er eit kornnek i gull som står for landbruk. 2. felt er sølv med tre svarte gamle seglskuter som står for handel og innvandringa til landet. Det 3. feltet er delt av raudt og blått, med eit opphengt gull bukkeskinn i øvre felt som står for dyrehald, og i nedre felt to krysslagte gull hammarar som står for gruveindustri.

Skjoldhaldarane er ei lyshåra, kvitkledd kvinne av europeisk avstamming som held det newzealandske flagget, og ein maori-høvding med en taiaha (stav). Over skjoldet er ei svevande engelsk kongekrone. Under skjoldet er eit postament i form av to krysslagde blad frå sølvbregna Cyathea dealbata og på desse er eit band med teksten «New Zealand».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]