Det nigerianske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Det nigerianske flagget, storleikstilhøve 1:2.

Det nigerianske flagget er sett saman av tre loddrette like breie striper i grønt, kvitt og grønt. Det blei offisielt teke i bruk 1. oktober 1960, då Nigeria fekk sjølvstende frå Storbritannia. Grønfargen står for landet med sine rike skogar og grøde, medan det kvite feltet står for fred.

Flagget blei utforma i 1959 av studenten Michael Taiwo Akinkunmi som del av ein konkurranse. Det opphavlege bidraget hans hadde ei raud sol plassert øvst på det kvite feltet, men denne blei teken ut av dommarane.

Nigeria har eigne flagg for handels- og marinafartøy. Tidlegare hadde også delstatane i landet eigne flagg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Complete Flags of the World, Dorling Kindersley, femte utgåve 2008.