Hopp til innhald

Det norske myrselskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Reklame for Det norske myrselskap i tidsskriftet Naturen, 1908.

Det norske myrselskap vart skipa 11. desember 1902 og hadde som føremål «tilgodegjørelse av landets myrer».

I byrjinga av 1900-talet var Noreg inne i ein periode med dårlege arbeidsvilkår og lønene var låge. Det var økonomiske kriser i jordbruket. Industrien var dårleg utbygd og kunne ikkje ta mot ein aukande folketilvekst. Myrene var ein ressurs både til oppdyrking og til bruk til tekniske føremål. Arbeidsoppgåvene i Det norske myrselskap endra seg gjennom dei ulike epokane. Dei første 30 åra stod produksjon av brenntorv og torvstrø, samt myrdyrking i fokus. Seinare dreia arbeidet seg meir om jordvern og registrering av landskapstypar, og i perioden 1952-72 var det stor aktivitet i høve til fôrproduksjon og fellesbeite.

I 1972 gjekk Det norske myrselskap og Selskapet Ny Jord (skipa i 1908) saman til Det norske jord- og myrselskap (DNJM). Då vart utvikling på bureisingsfelta ei viktig oppgåve. I samsvar med vedtak i Stortinget overtok selskapet Statens jordundersøkelse ved NLH i 1986 og bygde ut si eiga verksemd, Landbrukets analysesenter, med moderne apparat og utstyr. I 1989 fusjonerte DNJM og GEFO (Institutt for georessurser og forurensningsforskning) til Jordforsk.