Det norske statsflagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det norske stats- og orlogsflagg (med proporsjonar)

Det norske statsflagget er eit splittflagg og vert bruka av statlege bygningar og vert ført av statlege, ikkje-militære fartøy. Flagget er identisk med det norske orlogsflagget og har ein blå og kvit kross på raud botn. Flagget har splitt og tunge, og har forholdet 16:27, mens handelsflagget er rektangulert og har forholdet 8:11.

Postverket og tollvesenet har eigne monogram med krone over i splittflagga sine. Ingen privatpersoner kan bruke statsflagget. Eit unntak er gjort for medlemmar av Kongelig Norsk Seilforening, som kan føre eit flagg ein kvit kvadratisk firkant i midten med eit kongeleg monogram.[1]

Orlogsflagget[endre | endre wikiteksten]

Orlogsflagget vert bruka av militæret og marinen. Då Noreg var i union med Sverige, var orlogsflagget eit splittflagg med unionsmerke. Frå 1844 vart dette flagget òg bruka som statsflagg, men i 1899 vart unionsmerket fjerna frå handelsflagget og statsflagget, medan orlogsflagget enno hadde unionsmerket. 9. juni 1905, to dagar etter vedtaket om unionsoppløysinga, vart det «reine» orlogsflagget, første gong heist på norske marinefartøy, festningar og militærleirar. SIdan 1905 har orlogsflagget og statsflagget igjen vore identiske.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Vedtatt ved kongeleg resolusjon 6.12.1884, stadfesta ved kgl. res. 27.1.1906, jf. Båtmagaasinet 7/1997 Arkivert 2017-09-28 ved Wayback Machine. og KNS Arkivert 2013-01-27 ved Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]