Det osmanske kalifatet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det osmanske kalifatet (1517–1924) under Det osmanske dynastiet i Det osmanske riket var det siste sunnimuslimske kalifatet, og varte frå seinmellomalderen til tidleg i den moderne tida. Dei osmanske herskarane gjorde krav på autoriteten som kalifar etter at Murad I erobra Edirne (Adrianopel) i 1362,[1] og overtok han frå mamelukkane etter at dei erobra Egypt i 1517.[2] Som vernar av dei to heilage byane Mekka og Medina styrka Selim I det osmanske kravet på tittelen som kalifar i den muslimske verda.

Kalifatet forsvann på grunn av ein sakte tilbakegang i osmansk makt i høve til Vest-Europa, og fordi den osmanske statsdanninga enda gjennom delinga av Det osmanske riket i mandatområde etter første verdskrigen. Den siste osmanske kalifen Abdülmecid II heldt på stillinga si nokre år etter delinga, men med Mustafa Kemal sine sekulære reformer og det påfølgjande eksilet til den kongelege Osmanoğlu-familien frå Tyrkia i 1924, blei kalifatet avskaffa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lambton, Ann; Lewis, Bernard (1995). The Cambridge History of Islam: The Indian sub-continent, South-East Asia, Africa and the Muslim west 2. Cambridge University Press. s. 320. ISBN 9780521223102. Henta 13 March 2015. 
  2. Wright, Edmund (2006). Wright, Edmund, red. «Caliphate» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 9780192807007. doi:10.1093/acref/9780192807007.001.0001/acref-9780192807007-e-635.