Det persiske alfabetet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det persiske alfabetet, utvikla for å skriva persisk, er ein modifisert versjon av det arabiske alfabetet. Alfabetet skil seg frå det arabiske ved å ha fire tilleggsbokstavar, پ p, چ c, ژ ž og گ g. Dessutan har mange bokstavar ein annan uttale enn i det arabiske alfabetet. Det er kjent for den kalligrafiske nasta'liq-stilen.

Alfabetet blir brukt i moderne dari, persisk og kasjkai. Det har også vore brukt til å skriva sentralasiatiske språk som mongolsk, tadsjikisk og khorezmisk. Fleire alfabet er avleidde av det persiske, til dømes alfabeta brukte i pasjto, sindhi og urdu, og panjabi-alfabetet sjahmukhi, som har nokre tilleggsbokstavar kvar.

Det arabiske alfabetet blei innført i Iran og tilpassa det persiske språket etter den islamske ekspansjonen frå og med 642 e. Kr. Før innføringa av dette alfabetet hadde mellompersisk vore skrive med pahlavi-skrifta.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Her er dei 32 bokstavane i det persiske alfabetet:

Isolert Initial Medial Final Namn Translitterasjon IPA
alef â / – [ɒ] / –
be b [b]
پ pe p [p]
te t [t]
se s [s]
jim j [ʤ]
cim c [ʧ]
he hoti h [h]
xe x [x]
dâl d [d]
zâl z [z]
re r [r]
ze z [z]
že ž [ʒ]
sin s [s]
šin š [ʃ]
sâd s [s]
ﺿ zâd z [z]
t [t]
z [z]
ain ' [ʔ]
ɣein ɣ [ɣ]
fe f [f]
ɣâf ɣ [ɣ]
kâf k [k]
گ gâf g [g]
lâm l [l]
mim m [m]
nun n [n]
he havaz h [h]
vâv v [v]
ye y [j]

Bokstavar som vantar ei initial eller medial form er aldri knytte til neste bokstav, jamvel inne i eit ord.

Den glottale lukkellyden, ' [ʔ], blir skriven med ain ﻉ eller med det diakritiske teiknet hamze ﺀ, som står oppå ein annan bokstav, anten alef ا, vâv ﻭ eller ein ye ﻱ med eller utan prikkar.

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Vokalane a, e og o blir normalt ikkje skrivne, medan vokalane â, i og u blir skrivne med høvesvis alef ﺍ, ye ﻱ og vâv ﻱ, som i desse døma:

  • دختر doxtar 'dotter'
  • پدر pedar 'far'
  • برادر barâdar 'bror'
  • مادر mâdar 'mor'
  • تهران Tehrân Teheran
  • محمود احمدی نژاد Mahmud-e Ahmadi-Nežâd Mahmoud Ahmadinejad
  • روح الله موسوی خمینی Ruhollâh-e Musavi-ye Xomeini Ruholla Musavi Khomeini

Dersom ein ynskjer å skrive vokalane a, e og o, noko som mellom anna blir gjort i lærebøker i persisk for utlendingar, nyttar ein eigne diakritiske teikn over og under bokstavane, høvesvis َ, ِ og ُ:

  • دُختَر doxtar 'dotter'
  • پِدَر pedar 'far'
  • بَرادَر barâdar 'bror'
  • مادَر mâdar 'mor'
  • تِهران Tehrân Teheran

Alle dei 32 bokstavane unnateke ا alef representerer ein konsonant. ا alef har to funksjonar. For det fyrste representerer han vokalen â; då står han alltid etter ein annan bokstav, som i با . For det andre er «plasshaldar» for vokalane a, e og o. Når eit ord tek til med ein ا alef, tyder det at ordet tek til med ein av desse tre vokalane:

  • اتم atom 'atom'; med vokalteikn: اَتُم
  • اسلام eslâm 'islam'; med vokalteikn: اِسلام
  • ارکستر orkestr 'orkester'; med vokalteikn: اُرکِستر

Dersom â står fremst i eit ord, blir han attgjeven med ein ا alef som ligg vassrett oppå ein «plasshaldar»-alef:

  • آب âb 'vatn'

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Elwell-Sutton, L. P. 1963. Elementary Persian Grammar. Cambridge: Cambridge University Press.
  • Lambton, Ann K. S. 1953. Persian Grammar. Cambridge: Cambridge University Press.
  • Mace, John 1962. Teach Yourself Modern Persian. London: The English Universities Press Limited.
  • Naghed, Khosro und Mohsen Naghed 2002. Universal-Wörterbuch Persisch. Persisch-Deutsch, Deutsch-Persisch. Berlin, München, Wien, Zürich, New York: Langenscheidt.