Det polske riksvåpenet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det polske riksvåpenet

Det polske riksvåpenet er danna av ei kvit ørn på raudfarga botn. Ørnen ber ei krone, og har gyllent nebb og gylne klør. I Polen blir riksvåpenet vanlegvis for «Den kvite ørna» (polsk Orzeł Biały).

Dagens utgåve av riksvåpenet stammar frå 1927. Ørna opptrer på myntar frå kong Bolesław si tid, og var i opphav familievåpen for det piastiske dynastiet. Den kvite ørna blei gjort til nasjonalsymbol av Przemysł II i 1295.

Det finst ei velkjend polsk soge om opphavet til riksvåpenet. Ifølgje soga gjekk dei tre hovdingbrørne Lech, Czech og Rus kvar sin veg og oppretta kvart sitt rike. Czech blei far til tsjekkarane og Rus til rutenarane. Då Lech kom til ein stad i det noverande Polen der han søkte ly for natta, såg han ei kvit ørn som flaug opp frå reiret sitt mot den raude solnedgangen, noko som forklarer den raude bakgrunnen på våpenet. Han bestemte seg for å slå seg ned på denne staden, og plasserte ørna i våpenet sitt. Her grunnla Lech ifølgje soga den første hovudstaden i Polen, som han kallla Gniezdno (i dag Gniezno), frå ordet gniazdo ('reir').

Historisk utvikling[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]