Det raude rektangelet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hubble-bilete av Det raude rektangelet

Det raude rektangelet (katalogisert HD 44179) er ei protoplanetarisk tåka som ligg rundt 2300 lysår unna jorda i stjernebiletet Einhyrningen.[1]

Det raude rektangelet blei oppdaga på byrjinga av 1970-talet då astronomar leita etter kjelder for sterk infraraud stråling. Vidare studiar viste den rektangulære forma, og i 1973 fekk objektet namnet Det raude rektangel av astronomane Martin Cohen og Mike Merrill.[1]

Stjerna som ligg i midten av Det raude rektangelet starta livet som ei sollik stjerna, men er no nære slutten av livet sitt og kastar av seg dei ytre laga av gass. Desse laga er synlege som Det raude triangelet, og dei vil om nokre tusen år bli til ei planetarisk tåka etter som stjerna i midten blir mindre og varmare og badar gassen i kraftig ultrafiolett stråling som får gassen til å fluorescera.[1] Stjerna byrja prosessen med å kasta av seg dei ytre laga for rundt 14 000 år sidan.[1]

Eit Hubble-bilete teke i 1999 viste at tåka var meir forma lik ein X enn eit rektangel.[1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Dying Star Sculpts Rungs of Gas and Dust» - biletteksten til Hubble-biletet på éi av dei to offisielle heimesidene til teleskopet.