Det russiske Sametinget
Det russiske Sametinget | |
Andre namn | russisk Саамский парламент, Saamskij parlament, kildinsamisk Куелнегк Соамет Соббар Kuelnegk Soamet Sobbar |
---|---|
Skipa | 12. desember 2010 |
Leiar | Valentina Sovkina |
Det russiske Sametinget eller Sametinget på Kolahalvøya er ei representativ forsamling for samar i Russland. Forsamlinga blei etablert i Murmansk den 12. desember 2010. Ho består av 9 representantar, som blir valde av 73 delegatar for dei ulike samiske gruppene. Den første leiaren for sametinget var Valentina Sovkina frå Lovozero.[1]
Sametinget er skipa som eit direktevald organ etter mønster av sametinga i Noreg, Sverige og Finland. Sametinget på Kolahalvøya arbeider for å betra den sosiale og økonomiske situasjonen for samane i Russland. På sikt håpar forsamlinga å kunna pressa Russland til å ratifisera ILO-konvensjonen om rettane til urfolk og SN sin deklarasjon for rettane til urfolk.[2]
Ifølgje folketeljinga i 2002 budde fleirtalet av dei omtrent 2 000 russiske samane i Murmansk, Lovozero, Revda, Montsjegorsk, Apatity og Olenegorsk. Ein del bur òg på småstadane Murmashii, Shongui, Verkhnetulomsk og Loparskaja mellom Murmansk og Lovozero og i byar på tundraen som Krasnoschelle, Sosnovka og Kanevka.
Det har vore snakka fire samiske språk i Russland. I dag reknar ein med at kildinsamisk blir tala av 300–700 personar, skolte- og tersamisk av færre enn 20 personar, medan akkalasamisk blir rekna som utdøydd.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ «Saami Assembly in Murmansk Oblast» (engelsk). Barentssekretariatets. 13. desember 2010. Arkivert frå originalen 2012-03-24. Henta 28. august 2020. Både
|archive-date=
og|arkivdato=
er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp); Både|archive-url=
og|arkiv-url=
er angitt. Berre oppgje ein av dei. (hjelp) - ↑ Liv Inger Somby (17. desember 2008). «RUSSLAND: Samene vil ha et eget Sameting». Gáldu. Arkivert frå originalen 2012-02-17.
- Denne artikkelen bygger på «Sametinget (Russland)» frå Wikipedia på bokmål, den 28. august 2020.