Det russiske forsvaret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Banneret til Det russiske forsvaret
Våpenskjoldet til Russlands forsvar (medium emblem)

Dei russiske væpna styrkane, eller Det russiske forsvaret, eller Dei væpna styrkane til den russiske føderasjonen (russisk Вооружённые Си́лы Росси́йской Федера́ции) er militærvesenet i Russland, sist etablert etter oppløysinga av Sovjetunionen. Den 7. mai 1992 etablerte Boris Jeltsin det russiske forsvarsdepartementet og plasserte alle styrkar i dei tidlegare sovjetiske væpna styrkane i Russiske SFSR under russisk kontroll.[1]

Regjeringa er ansvarleg for at styrkane er i den beredskap som vert krevd. Parlamentet (Statsdumaen) øver lovgivande makt gjennom regjeringa. Administrasjon av militærvesenet vert styrt av forsvarsdepartementet, medan generalstaben har operative oppgåver.

Øvstkommanderande er den russiske presidenten, (i 2018) Vladimir Putin.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Militærparade i Moskva på seiersdagen 9. mai 2010, det vil seia frigjøringsdagen 65 år etter Den store fedrelandkrigen (andre verdskrig aust i Europa).

7. mai 1992 signerte Boris Jeltsin dokumentet som etablerte Russlands væpna styrkar, ein prosess som starta når russiske soldatar utstasjonert i dei tidlegare sovjetrepublikkane og andre land (slik som Gruppa av sovjetiske stridkrefter i Aust-Tyskland, der dei fleste var) vart trekt tilbake til russisk territorium.

Omtrent 30 divisjonar med infanteri, stridsvogner og luftbårne styrkar, over 50 brigadar med artilleri og luftvern og over 60 regiment med luftstridkreftar vart returnert tilbake til Russland i dei påfølgjande to åra. Over 45 000 einingar med tyngre våpen og nesten fire millionar tonn strategiske reserver vart òg trekt attende. Dette vart den største militære omdisponeringen i historia.

Heilt sidan Sovjetunionen hadde brote saman hadde russiske leiarar diskutert korleis dei skulle få til eit einskapleg og truverdig forsvar ut av restane av dei tidlegare sovjetiske styrkane. Den nye russiske doktrinen kravde eit mindre, lettare og meir mobilt forsvar, med høgare grad av verva og større evner til å raskt mobilisera.

Den svake russiske økonomien på 1990-talet gjorde reformer og modernisering vanskeleg. Forsvarsbudsjettet var lågt, noko som førde til kutt i trening, reduksjonar i løn og bustadsmangel for militært personell. Dette gjekk hardt utover moralen og effektiviteten i forsvaret, men auka budsjett dei siste åra har gjort lite for å betra situasjonen.

Då Putin tok over presidentskapet i 2000 var tilstanden til det russiske forsvaret omtrent det same som når Sovjetunionen kollapsa. Mykje av utstyret var minst eit tiår gammalt, og berre delar av dette kunne framleis kallast effektivt. Korrupsjon var òg eit problem, og den første Tsjetsjeniakrigen tappa reservar og utstyr frå forsvaret. Putin sjølv karakteriserte militærvesenet på den tida som «eit tungrodd og ekstragavant militærapparat». Militær- og politivesenet på den tida brukte over ein tredjedel av budsjettet til nasjonen. I Putins første term vart forsvaret omorganisert, og redusert i storleik med opp til 30%. Planen for reduksjon av talet på militære einingar under reforma som byrja i 2008 var slik:[2]

Forsvarsgreiner 2008 2012 Reduksjon
Hæren 1,890 172 -90 %
Dei russiske luft- og romfartsstyrkar 347 186 -54 %
Marinen 240 123 -49 %
Dei strategiske rakettstyrkane 12 8 -33 %
Luftlandestyrkane 6 5 -17 %

Utvikling i talet på divisjonar og personell i russiske landstridskrefter sidan 1992[endre | endre wikiteksten]

Kronologisk utvikling i antal divisjonsekvivalentar og personar innen hæren[~ 1]
Årstal Divisjonsekvivalentar Talet på soldatar
1992 103[3] [~ 2] 1 400 000 [~ 3]
1993 87[4] [~ 4] 1 000 000[5] [~ 5]
1994 74[6] 780 000[7]
1995 68[8] — 71[9] 650 000 [9] — 670 000 [7]
1996 61 — 69[10] 460 000[7] [11]
1997 48 [12] 420 000 [7]
1998 33[13] 420 000 [7]
1999 33 [14] 348 000 [7]
2000 31[8] 348 000 [7][11]
2001 300 000[11]
2005 32 [15] 395 000 [16]
2007 21 [17] 395 000 [18]
2008 24[19]
2009 21 [20] 395 000 [21]
2012 2 [22] 305 000 [23]
2016 3[24] 240 000[24]
2017 8[25][~ 6] 270 000[26]


Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Forsvarsdepartementet er administrativ leiing for dei militære styrkane. Sidan sovjettida har generalstaben fungert som operativ leiing, men for tida 2016 er generalstaben redusert til å vera avdelinga til departementet for militær planlegging, og ministeren sjølv har større operativt ansvar for styrkane. Andre avdelingar innan departementet inkluderer personalavdeling, avdeling for forsyning, avdeling for jarnbanestyrkar og avdeling for ingeniørstyrkar.

Styrkane er per 2016 inndelt i fire militærdistrikt pluss Det nye ansvarsområdet til nordflåten.
Vestre militærdistriktstab i St. Petersburg;
Nordflåtenstab i Severomorsk;
Søndre militærdistrikt — stab i Rostov-na-Don;
Sentrale militærdistrikt — stab i Jekaterinburg;
Austre militærdistrikt — stab i Khabarovsk.


Forsvarsgreiner[endre | endre wikiteksten]


Talet på personell[endre | endre wikiteksten]

Samansetjing i 2011 Talet på personell
Militær leiing
MO-shevron.jpg Forsvarsdepartementet 10 500[27]
GEN-shevron.jpg Generalstaben 11 300[28]
Forsvars- og våpengreiner
SV-shevron.jpg Hæren 270 000[29]
VMF-shevron.png Marinen 150 000[30]
VVS-shevron.jpg Luft- og romfartsstyrkar 430 000[31]
RVSN-shevron.jpg Dei strategiske rakettstyrkane 50 000[32]
Om13937.jpg Luftlandestyrkar 45 000[33]
Герб ССО.png Spesiell logistikk 1 000[34]
Personellstruktur i 2011[35]
Offiserar 320 000
menige og sersjantar
Kontrakt 230 000
Vernepliktige 300 000
andre kategoriar
Kadettar ~ 40 000
Kursantar på øvingssentra ~ 30 000
Offiserar og kontraktnikar på skule 70 000
-til saman
Fast tilsette 920 000
Engasjerte ~ 70 000
Sum personell 1 000 000

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Greg Austin og Alexej Muravjev
  2. https://web.archive.org/web/20120122183731/http://en.rian.ru/infographics/20091204/157098191.html
  3. The Military Balance, 1992—1993. P. 97.
  4. Home | MIT Security Studies Program (SSP)
  5. Military balance, 1993-1994. P. 99.
  6. Home | MIT Security Studies Program (SSP)
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 7,6 Russian Security and Air Power, 1992-2002. Marcel de Haas. P. 29.
  8. 8,0 8,1 Russian Army Equipment
  9. 9,0 9,1 Шунков В. Н. Вооруженные силы стран мира/Худ. обл. М. В. Драко. — Мн.: ООО «Попурри», 2002. С. 271.
  10. Russia Ground Forces — Flags, Maps, Economy, History, Climate, Natural Resources, Current Issues, International Agreements, Population, Social Statistics, Political System
  11. 11,0 11,1 11,2 Western Military Balance and Defense Efforts. A Comparative Summary of Military Expenditures; Manpower; Land, Air, Naval, and Nuclear Forces. Antony H. Cordesman. P.130.
  12. The Statesman's Year-Book, 1997-1998. I.Socialconditions-Serials, ISBN 978-0-333-57654-0. P. 1081.
  13. The Armed Forces of Russia in Asia . London: I.B. Tauris 2000. P. 262.
  14. The Military Balance, 1999-2000. P. 112-113.
  15. The Military Balance, 2005-2006. P. 158.
  16. The Military Balance, 2005-2006. P. 158.
  17. The Military Balance, 2007. P. 195.
  18. The Military Balance, 2007. P. 195.
  19. http://www.odnako.org/almanac/material/novaya-armiya-novoy-rossii/
  20. The Military Balance, 2009. P. 217-218.
  21. The Military Balance, 2009. P. 217-218.
  22. The Military Balance, 2012. P. 193.
  23. The Military Balance, 2012. P. 193.
  24. 24,0 24,1 The Military Balance 2016, p.190
  25. Пресс-служба Южного военного округа (07.12.2016). «В ЮВО на территории Чечни завершается формирование 42-й мотострелковой дивизии» (på ru). Mil.ru. http://structure.mil.ru/structure/forces/ground/news/more.htm?id=12105840@egNews. Henta 2016-12-08. 
  26. Источник:Military Balance 2017|страницы=211
  27. Минобороны России планирует сократить 300 генералов и офицеров Генштаба
  28. name="Минобороны России планирует сократить 300 генералов и офицеров Генштаба"
  29. Bok:Military Balance 2017 side 221
  30. Bok:Military Balance 2017 side 213}}
  31. «Воздушно-космические силы Российской Федерации. Инфографика» (på ru). Аргументы и факты. 2017-08-01. http://www.aif.ru/dontknows/infographics/vozdushno-kosmicheskie_sily_rossiyskoy_federacii_infografika. Henta 2017-11-24. 
  32. "vsrf1"
  33. «Источник: ВДВ полностью войдут в состав войск быстрого реагирования в ближайшие годы» (på ru). ТАСС. 4 июня 2015. http://tass.ru/armiya-i-opk/2018491. Henta 2017-11-24. 
  34. "vsrf1"
  35. Руководство Минобороны обманывает само себя и армию, вводя новые штаты в войсках

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Det russiske forsvaret


Referansefeil: <ref>-merke finst for gruppenamnet «~», men inkje samsvarande <references group="~"/>-merke vart funne