Det salvadoranske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Statsflagg og orlogsflagg. Flaggstørrelse: 189:335
Sivilt flagg og alternativt statsflagg. Flaggstørrelse: 3:5
Handelsflagg.Flaggstørrelse: 3:5

Det salvadoranske flagget er vassrett delt i blått, kvitt og blått, slik flagget til El Salvador liknar på dei til Honduras og Nicaragua. Likskapen kjem av at landa tidlegare danna unionen Den mellomamerikanske føderasjonen, saman med Guatemala og Costa Rica. Unionen hadde frå byrjinga nettopp blått, kvitt og blått i sitt flagg. Det salvadoranske flagget kan dermed føra historia si tilbake til 1823. I perioden 1865 til 1912 nytta El Salvador eit flagg basert på det til USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]