Det sanktkittiske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det sanktkittiske flagget. Tilhøve 2:3.

Det sanktkittiske flagget blei teke i bruk som nasjonalflaggSaint Kitts og Nevis den 19. september 1983. Det er skrådelt med eit svart og gult band med to kvite stjerner i midten, og ein raud og ein grøn trekant på kvar side.

Flagget blei utforma av Edrice Lewis til ein konkurranse. Dei to stjernene står for håp og fridom. Grønfargen står for grøderikom og raudt for fridomskampen. Gulfargen står for det solfylte klimaet og svart for landet si afrikanske arv. Fargane i flagget er også panafrikanske fargar brukt i mange afrikanske flagg.

Nevis-flagget[endre | endre wikiteksten]

Nevis-flagget

Øya Nevis har eit eige flagg som skil seg frå nasjonalflagget. Det er gult med det sanktkittiske flagget innfelt i øvre indre hjørne, og eit stilisert bilde av vulkanen Nevis Peak i kvitt, grønt og blått midt på.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Complete Flags of the World, Dorling Kindersley, femte utgåve 2008.