Hopp til innhald

Det sentralrussiske høglandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Landskap i Det sentralrussiske høglandet. Her elva Osiotr

Det sentralrussiske høglandet (russisk Среднерусская возвышенность - Svednerusskaja vozvysjennost) er eit område på om lag 500 000 km² sør i den europeiske delen av Russland og nordaust i Ukraina. Høglandet er ein del av Den austeuropeiske sletta.

Det meste av området ligg 200-250 meter over havet. Av mindre område innanfor høglandet finn ein mellom anna Valdajhøgdene som er 347 meter over havet på det høgaste.