Sibirhøgtrykket

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Det sibirske høgtrykket)
Sibirhøgtrykket demonstrert av eit kart som visr gjennomsnittleg trykk ved havnivå i løpet av vintermånadane. Over Sør-Sibir ligg eit høgtrykk.

Sibirhøgtrykket er ein massiv og ofte svært kald og tørr luftmasse som oppstår over Eurasia store delar av året. Høgtrykket er kraftigast om vinteren når lufttemperaturen nær senteret av høgtrykket er lågare enn −40 °C. Trykket i havnivå er ofte høgare enn 1040 hPa. Sibirhøgtrykket er det kraftigaste høgtrykket på den nordlege halvkula og har blant anna ført til den lågaste temperaturen som er målt på den nordlege halvkula med −67,8 °C den 15. januar 1885 i Verkhojansk. Det høgaste lufttrykket som er målt på Jorda vart også målt i dette høgtrykket. Det er på 1083,8 hPa målt i Agata 31. desember 1968.

Sibirhøgtrykket påverkar vêrmønsteret på høgare breidder av den nordlege halvkula, og kan blokkere eller svekke lågtrykk eller syklonar, og føre til tørt vêr over store delar av Eurasia og Canada.