Det sosialistrevolusjonære partiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det sosialistrevolusjonære partiet

LandDet russiske imperiet
Partileiar(ar)Viktor Tsjernov
Grunnlagt1900
Nedlagt1940
HovudkvarterMoskva
Ideologiagrarsosialisme, demokratisk sosialisme, føderalisme Sjå dette på Wikidata
Valplakat for Det Sosialist-Revolusjonære partiet frå 1917

Det sosialistrevolusjonære partiet (russisk Партия социалистов-революционеров, ПСР/PSR) var eit russisk politisk parti i byrjinga av 1900-talet.

Det vart skipa i 1901, og sameinte med det eit stort tal lokale sosialistrevolusjonære grupper som hadde vorte etablerte på slutten av 1800-talet. Mange av medlemene hadde vore med i narodnik-organisasjonen Narodnaja Volja (Folkeviljen). Viktor Tsjernov var redaktør for det første partiorganet, Revolutsionaja Rossija (Det revolusjonære Russland), og vart rekna som den fremste partiteoretikaren.

Det Sosialist-Revolusjonære partiet bygde på demokratisk sosialisme, og fekk mykje støtte frå russiske småbønder, som særleg støtta programposten om landsosialisering, det vil seie overføring av jorda frå godseigarane til bøndene.

PSR spela ei aktiv rolle i den russiske revolusjonen i 1905 og i sovjeta i St. Petersburg og Moskva. Den væpna motstandsorganisasjonen til partiet bruka terrorisme som verkemiddel i kampen mot tsar-regimet, og drap mellom anna to innanriksministrar. Motstandsgruppa var samtidig infiltrert av agentar for tsaren sitt hemmelege politi, Okhrana. Motstandsgruppa gjekk derfor i oppløysing og vart ikkje bygd opp att etter 1911.

Den russiske revolusjonen i mars 1917 («den russiske februarrevolusjonen») førte til ei viktig politisk rolle for PSR, da ein av medlemene, Alexander Kerenskij, alt i mars kom med i den provisoriske regjeringa, som han leidde frå juli same året.

Sist på året vart PSR kløyvd mellom dei som støtta den provisoriske regjeringa, og dei som sympatiserte med bolsjevikane. Hovudproblemet var krigen og korleis fordelinga av jorda skulle skje. Kløyvinga vart endeleg under den andre sovjetkongressen 7. november 1917, da venstrefraksjonen stemte for den bolsjevikiske maktovertakinga («Oktoberrevolusjonen»), medan hovuddelen av PSR trekte seg frå kongressen saman med mensjevikane.

I valet til den grunnlovsgivande forsamlinga på slutten av året 1917 fekk PSR reint fleirtal med 57 % av stemmene, medan bolsjevikane fekk 25%. Men Lenin gav ordre om at forsamlinga skulle hindrast i å gjennomføre møtet sitt da ho kom saman i byrjinga av 1918. Somme frå venstrefraksjonen heldt likevel fram med å støtte bolsjevikregjeringa ei rid til, men gjekk ut av regjeringa da bolsjevikane gjekk med på fredsvilkåra i Brest-Litovsk-avtalen med Tyskland.

Misnøgde med fredsavtalen i Brest-Litovsk drap ei gruppe frå venstrefraksjonen den tyske ambassadøren til Sovjet-Russland, hertug Mirbach. Dei ville ha ein tredje russisk revolusjon, noko som førte til arrestasjonar og avrettingar. Som svar på dette prøvde ein tidlegare PSR-medlem, Fanny Kaplan, å drepe Lenin 30. august 1918.

Somme Sosialist-Revolusjonære kjempa for «dei kvite» i den russiske borgarkrigen, og somme for det som vart kalla «dei grøne», det vil seie uavhengige bondehærar. Den største bondeoppreisten mot bolsjevikane vart leidd av ein medlem i PSR, Alexander Antonov. Det var ein oppstand i protest mot rekvirering av mat under den såkalla krigskommunismen. Men somme andre tidlegare medlemer i PSR gjekk inn i kommunistpartiet.

Det sosialistrevolusjonære partiet vart forbode, til liks med alle andre parti enn kommunistpartiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Anna Geifman. Entangled in Terror: The Azef Affair and the Russian Revolution, Wilmington, Scholarly Resources Inc., 2000, 247 pp. ISBN 0-8420-2651-7 ISBN 0-8420-2650-9
  • Manfred Hildermeier. The Russian Socialist Revolutionary Party Before the First World War, 1978, 2000.
  • Hannu Immonen. The Agrarian Program of the Russian Socialist Revolutionary Party, 1900–1911, 1988
  • Michael Melancon. The Socialist Revolutionaries and the Russian Anti-War Movement, 1914–1917, 1990
  • Maureen Perrie. The Agrarian Policy of the Russian Socialist-Revolutionary Party from its Origins through the Revolution of 1905–07, 1976.
  • Oliver Radkey. The Agrarian Foes of Bolshevism: Promise and Default of the Russian Socialist Revolutionaries, February to October 1917, 1958.
  • Oliver Radkey. The Sickle Under the Hammer: The Russian Socialist Revolutionaries in the Early Months of Soviet Rule, 1963.
  • Christopher Rice. Russian Workers and the Socialist Revolutionary Party Through the Revolution of 1905–07, 1988
  • Nurit Schleifman. Undercover Agents in the Russian Revolutionary Movement, SR Party 1902–1914, 1988