Det store arktiske statlege naturreservatet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Det store arktiske statlege naturreservatet er ei av dei største villmarkene på jorda.

Det store arktiske statlege naturreservatet (russisk Большой Арктический государственный природный заповедник; Bolsjoj Arktitsjeskij posudarstvennyj prirodnyj zapovednik) er eit naturreservat i Krasnojarsk kraj i Russland. Med eit areal på 41 692 km² er reservatet det største i Russland og Eurasia, og eit av dei største i verda.

Det vart grunnlagd 11. mai 1993 av Resolusjon nr. 431 frå dei russiske styresmaktene. Naturreservat i Russland vert kalla zapovednik.

Øyane i Karahavet som høyrer til Det store arktiske statlege naturreservatet har ei overflate på 4 000 km². Av øyane her finn ein Kirovøyane, Voroninaøya, Izvestij TSIK-øyane, Arktitsjeskij Institut-øyane, Sverdrupøya, Ujedinenijaøya og fleire andre mindre øyar. Denne delen representerer om lag heile det naturlege og biologiske mangfaldet på øyane i den austlege delen av Karahavet i Nordishavet.

Mange dyr og planter held til i naturreservatet utan å verte forstyrra av menneske. Av dyr i reservatet finn ein isbjørn, fjellrev, snøugle, reinsdyr og kvitkval.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]