Det storpolske opprøret i 1806
Utsjånad
| Det storpolske opprøret i 1806 | |||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Del av Den fjerde koalisjonskrigen | |||||||
Jan Henryk Dąbrowski rir inn i Poznań måla av Jan Gładysz | |||||||
| |||||||
| Partar | |||||||
| Kommandantar | |||||||
| Styrkar | |||||||
| Ukjend tal på franske soldatar, men om lag 23 000 polakkar | Ukjend | ||||||
Det storpolske opprøret i 1806 var eit militært opprør av polakkane i Stor-Polen mot styrkar frå Preussen som okkuperte området etter delingane av Polen (1772–1793).
Opprøret var organisert av general Jan Henryk Dąbrowski for å hjelpe dei framrykkande franske styrkane under Napoléon Bonaparte med å frigjere Polen frå prøyssarane. Det storpolske opprøret var den avgjerande faktoren som gjorde at Hertugdømet Warszawa vart oppretta same året og at Stor-Polen vart ein del av hertugdømet.
Opprøret var eit av dei to mest suksessrike opprøra i polsk historie i tillegg til det storpolske opprøret i 1918-1919.
Kjelde
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Greater Poland Uprising (1806)» frå Wikipedia på engelsk, den 5. juni 2008.
Denne militærartikkelen som har med historie å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |