Det sunnmørske kakebordet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Det sunnmørske kakebordet er eit uttrykk som er brukt om den bugnande kaffimaten i selskap på Sunnmøre.[1] I bryllaup, barnedåpar, konfirmasjonar, på syttandemai og i fødselsdagsselskap er det vanleg med kakebord der det er tjue kaker eller meir. Ein kan også ha kakebordet ved ulike tilstellingar, som sommarfest,[2] velkomst[3] eller boklansering.[4]

Dei vanlegaste kakene er kvæfjordkake, suksessterte, gelekake, marsipankake, ostekake, fromasjkake og kransekake. I gravferder er det meir vanleg med formkaker. Oreokake er ei kake som har vorte populær siste åra, medan blautkake har tapt populariteten sin. I tillegg til dei runde kakene høyrer det med lefser og dessertar. Av dessertane er karamellpudding mest populært.[treng kjelde]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Helgesen, Line (27. august 2016), «Småskeis for sunnmørsk kakebord», smp.no, henta 19. mai 2019 
  2. Spiro, Josefine (3. mai 2019), «Sommarfesten i Fosnavåg: Dette står på programmet», vestlandsnytt.no (på bokmål), henta 19. mai 2019 
  3. Myklebust, Marius (28. oktober 2015), «– Hjarteleg velkomne til Vartdal», www.morenytt.no, henta 19. mai 2019 
  4. Feiring, Morten (26. april 2015), «Boklansering med sunnmørsk kakebord», vikebladet.no, henta 19. mai 2019 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]