Det sveitsiske platået

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Satellittbilete av Det sveitsiske platået mellom Jurafjella og Alpane

Det sveitsiske platået, Mittelland eller Schweizer Mittelland («Det sveitsiske mellomlandet») er det lågastliggande landskapet i Sveits. Det består av flatare parti og ein del åsar, slik at høgda over havet i hovudsak ligg mellom 400 og 600 m Det utgjer eit av dei tre hovudlandskapa i Sveits og ligg mellom dei to andre: Dei sveitsiske Alpane i sør og Jurafjella i nord. I tillegg er det avgrensa av dei to innsjøane Genfersjøen i vest og Bodensjøen i aust.

Mittelland utgjer berre 30% av arealet i Sveits, men har meir enn 2/3 av folkesetnaden, altså rundt 5 millionar menneske. Dette tyder at Mittelland er tett folkesett, med ca 380 innbyggjarar per km². Landskapet omfattar alle sveitsiske byar med meir enn 50 000 innbyggjarar med unntak av Basel og Lugano, og dei viktigaste av desse er Zürich, Genève, Bern og Lausanne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]