Det tyske keisardømet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Deutsches Reich
Det tyske keisardømet
18711918
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Nasjonalsong
Ingen
Keisarsong
«Heil dir im Siegerkranz»
Plasseringa til Tyskland
Områda til Det tyske riket i 1914 før den første verdskrigen.
Hovudstad Berlin
Språk offisielt: Tysk
Minoritetsspråk: dansk, fransk, frisisk, polsk, sorbisk
Styreform Konstitusjonelt monarki
Keisar
 - 1871–1888 Vilhelm I
 - 1888 Fredrik III
 - 1888–1918 Vilhelm II
Kanslar
 - 1871–1890 Otto von Bismarck (første)
 - 8–9. november 1918 Friedrich Ebert (siste)
Historisk periode Ny-imperialisme
 - Samling 18. januar 1871
 - Republikken erklært 9. november 1918
 - Formell abdisering 28. november 1918
Areal
 - 1910 540 857,54 km²
Innbyggjarar
 - 1871 est. 41 058 792 
 - 1890 est. 49 428 470 
 - 1910 est. 64 925 993 
     Folketettleik 120 /km²
Valuta Goldmark (fram til 1914)
Papiermark (etter 1914)
Føregjengar
Etterfølgjarar
Flag of the German Empire.svg Det nordtyske forbundet
Flag of Bavaria (lozengy).svg Kongedømet Bayern
Flagge Königreich Württemberg.svg Kongedømet Württemberg
Flagge Großherzogtum Baden (1871-1891).svg Storthertugdømet Baden
Flagge Großherzogtum Hessen ohne Wappen.svg Storhertugdømet Hessen
Weimarrepublikken Flag of Germany (3-2 aspect ratio).svg
Republikken Alsace-Lorraine Flag of the Republic of Alsace-Lorraine.svg
Fristaden Danzig Gdansk flag.svg
Den andre polske republikken Flag of Poland.svg
Litauen Flag of Lithuania (1918-1940).svg
Saar i Folkeforbundet Flag of Saar 1920-1935.svg
Koloniane til Tyskland er ikkje teke med i areal og folketal.
Arealkjelde:[1] Kjelde folketal:[2]

Det tyske keisardømet (tysk Deutsches Reich, «Det tyske riket») er namnet på Tyskland frå 1871 til 1918, då det var eit delvis konstitusjonelt monarki. Det starta med samlinga av TysklandVilhelm I av Preussen vart erklært tysk keisar (18. januar 1871) og enda brått då Den tyske republikken vart utropt av Philipp Scheidemann (9. november 1918) og formelt då Vilhelm II abdiserte (28. november 1918). Dei viktigaste grenselanda var Det russiske riket i aust, Frankrike i vest og Austerrike-Ungarn i sør.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Det offisielle namnet på Tyskland frå 1871 til 1943 på tysk var Deutsches Reich,[3][4], medan det tyske uttrykket Deutsches Kaiserreich («Det tyske keisarriket») uoffisielt vert nytta for å skildre landet i perioden 1871 til 1918. For heile perioden frå 1871 til 1943 vert Det tyske riket òg berre kalla Tyskland.

Uttrykket Det andre riket (Zweites Reich) har i ettertid òg vorte nytta om denne perioden. Dette uttrykket vart populært hos den tyske nasjonalistiske historikaren Arthur Moeller van den Bruck i 1920-åra, der Det tysk-romerske riket vart rekna som «Det første riket», samstundes som han framheva ønsket om «Det tredje riket».[5] Dette uttrykket vart så nytta av Nazi-Tyskland i propagandaen deira, og derfor har uttrykket fått negative konnotasjonar etter den andre verdskrigen.

Bismarck grunnleggjer Riket[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Samlinga av Tyskland.

Skjult bak tanken om idealisme som gjev etter for realisme endra den tyske nasjonalismen seg raskt frå ein liberale og demokratisk karakter i 1848 til den prøyssiske statsministeren Otto von Bismarck sin autoritære realpolitik. Bismarck ønska å samle dei rivaliserande tyske statane for å nå målet sitt om eit konservativt, prøyssiskdominert Tyskland. Etter tre krigar med militær suksess var det tyske folket overbevist om at dette var mogeleg. Desse krigane var den andre krigen i Schleswig mot Danmark i 1864, den austerriksk-prøyssiske krigen mot Det austerrikske riket i 1866 og den fransk-prøyssiske krigen mot Det andre franske riket i 1870–71. Under omleiringa av Paris i 1871 vart Det nordtyske forbundet støtta av sine allierte frå Sør-Tyskland, og Det tyske riket vart oppretta då den prøyssiske kongen Vilhelm I vart proklamert tysk keisar i Speglsalen i Versailles. Dette var audmjukande for franskmennene som kapitulerte berre nokre dagar seinare.

Bismarck sjølv gjorde klart eit utkast til ei grunnlov i 1866, den nordtyske grunnlova, som i 1871 vart grunnlova til Det tyske riket med nokre små endringar. Tyskland fekk då enkelte demokratiske trekk. Det nye riket hadde eit parlament med to hus. Underhuset, eller Reichstag, vart vald ved alminneleg mannleg avstemming. Den opphavlege grunnlova frå 1871 vart derimot aldri endra for å få med veksten i dei mange urbane områda i riket. Då dei tyske byane utvida kraftig som følgje av industrialiseringa på slutten av 1800-talet og tidleg på 1900-talet vart derfor dei landlege områda kraftig overrepresentert.

Lovgjevinga kravde òg samtykke i Bundesrat, eit statsråd som bestod av leiarane frå kvar enkelt delstat. Den utøvande makta var det keisaren som hadde, med kanslaren som assistent. Kanslaren svarte berre for keisaren. Offisielt var kanslaren ei einmannsregjering og hadde ansvaret for at alle statssakene vart utført. I praksis fungerte dei forskjellige departementa, som handsama felt som finans, krig, utanriks osv, som uoffisielle forvaltingsministerar. Medan Reichstag hadde makt til å vedta, endre og avslå lovforslag, kunne dei ikkje sjølv føreslå nye lovar. Dette måtte kome via kanslaren.

Sjølv om dei forskjellige delstatane i riket i teorien hadde like mykje makt, var riket dominert av den største og mektigaste staten, Preussen. Preussen utgjorde 60 % av landområdet og to tredjedelar av innbyggjarane. Keisartrona gjekk òg i arv i Huset Hohenzollern, som var kongar av Preussen. Bortsett frå åra 1872–1873 og 1892–1894, var kanslaren alltid samstundes statsminister i Preussen. Med 17 av 58 stemmer i Bundesrat, trengde Berlin berre nokre frå stemmer frå dei mindre staten for å få full kontroll.

Medan dei andre delstatane hadde sine eigne styre, var militærstyrkane til dei mindre statane under prøyssisk kontroll. Militærstyrkane til større statar, som kongedøma Bayern og Sachsen vart samkjørt etter prøyssiske prinsipp og i krigstid vart dei styrt av forbundsregjeringa. Sjølv om riket på mange måtar var autoritært var det lov å utvikle andre politiske parti.

Die Proklamation des Deutschen Kaiserreiches av Anton von Werner (1877), syner proklameringa av Det tyske keisardømet (18. januar 1871Versaillesslottet).
Til venstre på podiet (i svart): Kronprinsen Fredrik (seinare Fredrik III), far hans keisar Vilhelm I og Fredrik I av Baden, som skåler for den nye keisaren.
I midten (i kvitt): Otto von Bismarck, den første kanslaren av Tyskland, Helmuth von Moltke den eldre, den prøyssiske stabssjefen

Utviklinga av Det tyske riket skjedde på liknande vis som utviklinga i Italia, som vart samla kort tid før Det tyske riket. Nokre av dei viktigaste elementa i Det tyske riket sin autoritære politiske struktur vart òg grunnlaget for den konservative moderniseringa i Det japanske keisardømet under Tokugawa og bevaringa av den autoritære politiske strukturen under tsarane i Det russiske riket.

Ein faktor i den sosiale oppbygginga i desse styreformene hadde vore at godseigarane, Junkerane, heldt på ein stor del av makta på grunn av mangel på revolusjonerande gjennombrot frå bøndene i kombinasjon med urbane område.

Bismarck sitt ønske var å halde fram med den autoritære politikken, men danne ein konstitusjonell fasade som skulle skjule han. I denne prosessen oppretta han eit system med ein alvorleg mangel. Det var ein stor vesensskilnad mellom det prøyssiske og det tyske valsystemet. Preussen hadde eit svært restriktivt tredelt vekta stemmesystem der den rikaste av dei tre klassane kunne stod for 85 % av stemmene, noko som sikra eit konservativt fleirtal. Som nemnd tidlegare så var kongen og (bortsett frå to unntak) statsministeren av Preussen også keisar og kanslar av riket, noko som tydde at dei same personane i desse posisjonane måtte søke fleirtal frå styresmakter som vart vald på heilt andre måtar i dei andre statane.

Tyskland oppstår som ei industrimakt[endre | endre wikiteksten]

Under leiinga til Preussen og kanslar Bismarck oppstod Tyskland som ein nasjon og ei verdsmakt. I 1871 vart dei 39 enkelte statane, etter mange hundreår med splid, endeleg samla. Kongane av Sachsen og Bayern, fyrstane, hertugane og kurfyrstane, Braunschweig, Baden, Hannover, Mecklenburg, Württemberg, Oldenburg, støtta alle kongen Preussen, keisaren. Dette oppfylte eit djupt ønske i den tyske sjela og gav tyskarane ei lagnadskjensle og stor optimisme.

I 1871 var det 41 millionar innbyggjarar i Det tyske-riket. I 1913 var det neste 68 millionar, ein auke på meir enn 50 %. Meir enn halvparten av desse budde i byar og landsbyar. Det var ikkje berre innbyggjartale som voks. Grunnlaget for ein sterk økonomi mot slutten av hundreåret var stål og kol, og Tyskland gjorde store framsteget med begge:

  • Stålproduksjonen vart tolvdobla på 30 år.
  • Kolproduksjonen vart femdobla på 30 år.
  • Industriproudkt vart firedobla.
  • Eksportvarer vart tredobla.
  • Eksport av kjemikalar vart tredobla.
  • Eksport av maskineri vart femdobla.

På 30 år auka Tyskland sin del av verdshandelen med ein tredjedel. I 1914 var Tyskland, etter USA, den mektigaste industrinasjonen i verda. Sjølve bilete på den tyske industrimakta var kanskje selskapet Krupp. Den første Kruppfabrikken vart bygd i Essen i 1902. Tyskarane var henrykt over suksessen til Krupp og då grunnleggaren Alfred Krupp døydde var keisaren til stades i i den overdådige gravferda og kalla han «ein tyskar av tyskarar». I 1914 hadde selskapet 80 000 arbeidarar. Dei budde i Krupp-hus, Krupp-lækjarar tok imot borna deira på fødestova, borna gjekk på Krupp-skular, dei kjøpte maten sin i Krupp-butikkar, lånte bøker på Krupp-biblioteka, gifta seg i Krupp-kyrkjene og vart gravlagd på Krupp-gravplassen. Under Bismarck kom Tyskland nærare det ein dag ser på som sosialtrygd enn nokon annan nasjon. Tyske sjuke- og ulukkesforsikring, barselsstønad, kantiner, garderobar og pensjon før desse ein gong vart tenkt på i meir liberale land. Likevel var arbeidarlivet hardt. Stålfabrikkane hadde 12 timars dagar og ei arbeidsveke på 80 timar. Kvile og ferie var ikkje garantert. Det var fattigdom og opprør i Tyskland, som i andre industriland.

I 1912 var det marxistiske Sozialdemokratische Partei Deutschlands det største partiet i Reichstag, det tyske parlamentet. Men Reichstagen styrte ikkje Tyskland. Keisaren styrte Tyskland via embetsmennene sine, som han personleg tilsette. Winston Churchill sa «Ingen bør døme Kaiser Vilhelm II utan å spørje seg, Kva skulle eg gjort i denne posisjonen?»

Den tyske keisaren var òg konge av Preussen, og det var den prøyssiske styrken som gjorde at dei andre tyske statane aksepterte det prøyssiske styret. Prøyssarane påverka heile nasjonen, men det var mest av alt den militære påverknaden som dominerte.

Statane i riket[endre | endre wikiteksten]

Før samlinga av Tyskland bestod dei tyske områda av 39 forbundsstatar. Desse statane bestod av kongedøme, storhertugdøme, hertugdøme, fyrstedøme, frie hansabyar og eit keisarleg område. Kongedømet Preussen var det største av statane og dekte om lag 60 % av heile Det tyske riket.

Fleire av desse statane hadde vorte suverene statar etter Det tysk-romerske riket vart løyst opp. Andre oppstod som suverene statar etter Wienerkongressen i 1815. Områda var ikkje nødvendigvis samanhengande og fleire statar bestod av fleire fråskilde område, både som følgje av historiske erobringar og delingar av familiegreiner.

Medlemsstatar i Det tyske riket med Preussen i blått
Karte Deutsches Reich, Verwaltungsgliederung 1900-01-01.png
Stat Hovudstad
Kongedøme (Königreiche)
Flag of Prussia (1892-1918).svg Preussen (Preußen) Berlin
Flag of Bavaria (striped).svg Bayern München
Flagge Königreich Sachsen (1815-1918).svg Sachsen Dresden
Flagge Königreich Württemberg.svg Württemberg Stuttgart
Storhertugdøme (Großherzogtümer)
Flagge Großherzogtum Baden (1871-1891).svg Baden Karlsruhe
Flagge Großherzogtum Hessen ohne Wappen.svg Hessen Darmstadt
Flagge Großherzogtümer Mecklenburg.svg Mecklenburg-Schwerin Schwerin
Flagge Großherzogtümer Mecklenburg.svg Mecklenburg-Strelitz Neustrelitz
Civil flag of Oldenburg.svg Oldenburg Oldenburg
Flagge Großherzogtum Sachsen-Weimar-Eisenach (1813-1897).svg Sachsen-Weimar-Eisenach Weimar
Hertugdøme (Herzogtümer)
Flagge Herzogtum Anhalt.svg Anhalt Dessau
Flagge Herzogtum Braunschweig.svg Braunschweig Braunschweig
Flagge Herzogtum Sachsen-Coburg-Gotha (1826-1911).svg Sachsen-Altenburg Altenburg
Flagge Herzogtum Sachsen-Coburg-Gotha (1911-1920).svg Sachsen-Coburg og Gotha (Sachsen-Coburg und Gotha) Coburg
Flagge Herzogtum Sachsen-Coburg-Gotha (1826-1911).svg Sachsen-Meiningen (Sachsen-Meiningen) Meiningen
Fyrstedøme (Fürstentümer)
Flagge Fürstentum Lippe.svg Lippe Detmold
Flagge Fürstentum Reuß jüngere Linie.svg Reuss (Reuß Jüngerer Linie) Gera
Flagge Fürstentum Reuß ältere Linie.svg Reuss, den eldre linja (Reuß ältere Linie) Greiz
Flagge Fürstentum Schaumburg-Lippe.svg Schaumburg-Lippe Bückeburg
Flagge Fürstentümer Schwarzburg.svg Schwarzburg-Rudolstadt Rudolstadt
Flagge Fürstentümer Schwarzburg.svg Schwarzburg-Sondershausen Sondershausen
Flag of Germany (3-2 aspect ratio).svg Waldeck og Pyrmont Arolsen
Frie hansabyar (Freie Hansestädte)
Flag of Bremen.svg Bremen
Flag of Hamburg.svg Hamburg
Flag of the Free City of Lübeck.svg Lübeck
Riksland (Reichsland)
Flag of the German Empire.svg Alsace-Lorraine (Elsaß-Lothringen) Straßburg


Kvar del av Det tyske riket sende representantar til Bundesrådet (Bundesrat) og Riksdagen (Reichstag).

Forholdet mellom det sentrale styret i riket og dei forskjellige delstatane var noko flytande, og utvikla seg etter kva saker som dukka opp. Kor mykje keisaren til tider kunne blande seg inn i arvestridar eller uklåre arvefølgjerettar vart mykje debattert - til dømes arvestriden i Lippe-Detmold.

Bismarck-perioden[endre | endre wikiteksten]

Otto von Bismarck

Bismarck innanrikspolitikk spelte ei stor rolle i å forme den autoritære politiske kulturen i keisarriket. Tyskland var mindre oppteke av den politiske makta på kontinentet etter samlinga i 1871 og den delvis parlamentariske regjeringa utførte ei relativt glatt økonomisk og politisk omvelting ovanfrå, som var medverkande til at landet vart ein av dei førande industrimaktene i verda på denne tida.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Industrialiseringa utvikla seg dynamisk i Tyskland og tyske fabrikantar byrja å ta over heimemarknaden frå britiske importvarer, i tillegg til at dei vart ein konkurrent til britane utanlands, særleg i USA. Den tyske tekstil- og metallindustrien hadde i byrjinga av den fransk-prøyssiske krigen gått forbi Storbritannia med organisatorisk og teknisk effektivitet, og tok over den tidlegare britiske marknaden på heimebane. Tyskland vart den dominerande økonomiske makta på kontinentet og var den nest største eksportøren i verda etter USA. Ved hundreårsskiftet produserte tyske metall- og ingeniørindustriar mange varer for den frie marknaden i Storbritannia. I den første verdskrigen (1914–1918) produserte den tyske industrien militært utstyr som vart nytta i krigen. Dette inkluderte produksjon av gevær (Gewehr 98), pistolar (P08 Luger), maskingevær (Maxim maskingevær), bombekastarar (Minenwerfer), og andre typar tung og lett artilleri. I tillegg var tyskarane leiande innan fysikk og kjemi, og ein tredjedel av nobelprisane gjekk til tyske vitskapsfolk og forskarar.

Ideologi[endre | endre wikiteksten]

Etter at Tyskland formelt var samla i 1871 brukte Bismarck mykje tid på å på å skape ei eins nasjonalkjensle basert på den prøyssiske ideologien. Konservativ katolsk aktivisme og frigjering, med bakgrunn i den konservative vendinga til Vatikanet under pave Pius IX og dogmet om paveleg ufeilbarlegheit, og radikalisme i arbeidarklassen, representert ved det nye Sozialdemokratische Partei Deutschlands, førte begge på mange måtar til uro for endringar av dei svært forskjellige delane av det tyske samfunnet på grunn av den raske endringa frå jordbruksbasert økonomi til moderne industriell kapitalisme under nasjonalistisk formyndarskap.

Styresmaktene prøvde først å utelate heilt både sosialistane eller katolikkane, men Bismarck sin «ris og ros»-metode førte etter kvart til at begge partar vart langt mildare.

Ein kan oppsummere ideologien til Bismarck i fire mål: Kulturkampf, samfunnsreform, nasjonal samling og Kleindeutschland.

Kulturkampf[endre | endre wikiteksten]

Etter at dei katolske tyske statane i sør og nokre område i aust vart innlemma, vart den romersk-katolske kyrkja representert ved Det katolske senterpartiet, noko som tilsynelatande var ein stor trugsel til samlingsprosessen. Dei sørlege katolikkane, som i større grad enn innbyggjarane i nord kom frå eit mykje meir jordbruksbasert system og høyrte til klassar som bondestanden, handverkarar, handelsmenn, prestestanden og fyrsteleg aristokrati i småstatane, og hadde i starten problem med å konkurrere med den industrielle effektiviteten og opninga av handelsmarknaden med Zollverein. Romersk-katolske institusjonar vart hindra og Bismarck-regjeringa kjempa mot den katolske påverknaden på samfunnet. Etter 1817 gjorde derimot kampen mot sosialismen at Bismarck slo seg saman med Det katolske senterpartiet, og gjorde ein slutt på Kulturkampf, som hadde ført til langt større katolsk uro enn det hadde vore før samlinga og katolisismen i Tyskland vart heller styrkt enn svekka.

Samfunnsreform[endre | endre wikiteksten]

For å roe arbeidarklassen og svekke påverknaden til sosialistgruppene sette Bismarck motvillig i stand ein usedvanleg avansert velferdsstat. Sosialtrygdsystema som Bismarck innførte (helseomsorg i 1883, ulukkesforsikring i 1884, uføre- og alderspensjon i 1889) var på denne tida dei største i verda, og eksisterer til ein viss grad framleis i Tyskland i dag. Hayek hevda at desse institusjonane starta prosessen mot som gjorde at nasjonalsosialistane kom til makta.[6]

Nasjonal samling[endre | endre wikiteksten]

Bismarck klarte òg å jamne ut dei enorme skilnadane mellom dei tyske statane, som hadde utvikla seg sjølvstendig i mange hundreår, særleg innan lovgjeving.

Kleindeutschland[endre | endre wikiteksten]

To visjonar om kva landområde Det tyske riket skulle bestå av vart debattert medan Bismarck var kanslar. Ein visjon var eit Großdeutschland (Stortyskland), og den andre, som Bismarck føretrekte, var eit Kleindeutschland (Vesletyskland). Großdeutschland, som særleg var støtta av liberale tyskarar og tyske nasjonalistar, var ein visjon av eit Tyskland som inkluderte austerrikske område (enkelte ønskte heile området Austerrike-Ungarn og andre berre dei tysktalande områda av Austerrike). Kleindeutschland var støtta av Bismarck og prøyssiske konservative. Sjølv om Kleindeutschland utgjorde millionar av ikkje-tyske innbyggjarar (hovudsakleg polakkar) meinte ein at det å innlemme Austerrike-Ungarn i Tyskland vill destabilisert nasjonen på grunn av enno fleire etniske minoritetar her. Ein frykta også at om ein sjølv berre innlemma den tyske delen av Austerrike, så vil dette svekke Preussen sin kontroll over nasjonen og føre til ein kraftig auke av katolikkar i nasjonen.

Germanisering[endre | endre wikiteksten]

Ein av konsekvensane av den nye politikken var å fjerne alle ikkje-tyske språk frå ålmenta, skular og akademiske kretsar for å presse den ikkje-tyske folkesetnaden til å anten forlate sin nasjonale identitet eller forlate landet. Denne prosessen vart kalla «germanisering». Den strenge germaniseringspolitikken fekk ofte den motsette effekten ved å skape motstand, vanlegvis i form av heimeundervisning og tettare band i minoritetsgruppene.

Germaniseringa av særleg retta mot den større polske minoriteten i riket etter at Preussen fekk tildelt store område under delingane av Polen. Det vart innført lover som forbaud polakkar å byggje heimar i desse nye områda i Preussen[7], innskrenka rettane til å snakke polsk i offentlege møte, og i 1908 vart det vedteke ei lov som gjorde at ein kunne kaste polakkar ut frå heimane sine[7]. Ein busetnadskommisjon (Ansiedlungskommission) vart sett i stand og støtta av regjeringa i 1885 med mål om å fordele dei polskeigde landområda til tyske kolonistar. Polakkane grunnla derimot ein eigen organisasjon for å forsvare seg sjølv mot denne tyske kommisjonen. I 1880-åra vart 24 000 polakkar som ikkje hadde fått tysk borgarskap kasta ut av Polen til Russland. Denne handlinga vart kritisert av tyske venstreorienterte politiske parti og av Bismarck sjølv fordi ha frykta opprør av polakkane i den russiske delen av Polen.

Lov[endre | endre wikiteksten]

Den forskjellige rettshistoria og dei forskjellige rettssystema i statane i riket skapte enorme komplikasjonar, særleg for handel innan riket. Det vart innført ei felles handelsslov av Forbundet i 1861 (som vart teke opp av Riket med nokre endringar, og som framleis er i bruk i dag), men det var ingen slike likskapar for andre lover.

I 1871 vart ei felles strafferettslov (Reichsstrafgesetzbuch) innført. I 1877 vart det innført felles rettsprosedyrar i rettsssystemet (Gerichtsverfassungsgesetz), prosedyrar for sivilsaker (Zivilprozessordnung) og strafferett (Strafprozessordnung). I 1873 vart grunnlova endra slik at Riket kunne erstatte og endre dei sivile lovene i statane. I 1881 vart ein komité oppretta for å lage ei felles sivil lov, eit krevande arbeid som skulle resultere i Bürgerliches Gesetzbuch (BGB). Sjølv om det er gjort mange endringar er dette systemet i praksis framleis i bruk i Tyskland i dag.

Året med tre keisarar[endre | endre wikiteksten]

Fredrik III, keisar i berre 99 dagar (9. mars - 15. juni 1888)

9. mars 1888 døydde Vilhelm I kort tid før han fylte 91 år, og sonen hans Fredrik III vart ny keisar. Fredrik var liberal og beundra den britiske grunnlova.[8] Bandet hans til Storbritannia vart styrkt ved at han var gift med prinsesse Victoria, eldste bornet til dronning Victoria. Då han tok over trona håpte mange at han skulle liberalisere riket og gje parlamentet meir politisk makt. Då han sa opp Robert von Puttkamer, ein svært konservativ innanriksminister, den 8. juni var det eit teikn på dette og eit slag for Bismarck-administrasjonen.

Då han vart krona hadde derimot Fredrik fått uhelbredleg strupekreft, ein diagnose han fekk året før, den 12. november 1887, av den britiske lækjaren Morell Mackenzie.[9] Fredrik døydde berre 99 dagar etter han tok over, 15. juni 1888. Dette førte til at sonen hans Vilhelm II tok over som keisar. 1888 vert derfor stundom kalla Året med tre keisarar (tysk Dreikaiserjahr).

Vilhelm-perioden[endre | endre wikiteksten]

Keisaren tilbake til makta og oppseiinga av Bismarck[endre | endre wikiteksten]

Vilhelm II av Tyskland.
Oljemåleri av Max Koner, 1890

Vilhelm II ønskte å få keisaren tilbake til makta i ei tid då andre monarki i Europa heller gav monarken status som ein slags gallionsfigur. Dette førte til at den ambisiøse keisaren kom i konflikt med Bismarck, som var trygg på sitt eige leiarskap og ikkje hadde nokre intensjonar om å gje frå seg makta til den unge keisaren, og heller ønskte at Vilhelm II skulle vere avhengig av han sjølv.[10] Ein stor skilnad mellom Vilhelm II og Bismarck var korleis dei handsama politiske kriser, særleg i 1889 då tyske kolgruvearbeidarar gjekk ut i streik i Øvre Schlesien. Bismarck kravde at Den tyske hæren skulle sendast der og slå ned streiken, men Vilhelm II ønskte ikkje dette.[11] I staden for fekk Vilhelm II regjeringa til å sende delegatar som forhandla med arbeidarane, og streiken enda utan bruk av vald.[11] Dette var byrjinga på ei stor kløft mellom Vilhelm II og Bismarck. Bismarck utfordra Vilhelm sitt krav om meir makt med å danne koalisjonar med politiske parti som Vilhelm ikkje likte.[10] Forholdet deira enda i krangel og Bismarck sa opp i mars 1890.[10]

Då Bismarck tredde av som kanslar vart Vilhelm II den dominerande leiaren i Tyskland. I motsetnad til bestefaren Vilhelm I som overlet styret av landet til kanslaren, ønskte Vilhelm II aktivt å ta del i styringa og ønskte å verte ein kyndig leiar, ikkje berre til «pynt».[12] Vilhelm tok frivillig imot opplæring innan økonomi frå den kontroversielle Walther Rathenau. Frå Rathenau lærte Vilhelm om europeisk økonomi, industri og finans.[12]

På bilete og under offisielle opptreden passa Vilhelm II god på å gøyme den vanskapte venstrehanda si som han var fødd med. Vilhelm vart internasjonalt kjend for den aggressive utanrikspolitikken sin og dei strategiske tabbane som førte Det tyske riket ut i politisk isolasjon og seinare starta den første verdskrigen.

Innanriks[endre | endre wikiteksten]

Reichstag frå 1890-åra eller tidleg 1900-åra.

Under Vilhelm II hadde ikkje Tyskland lenger ein sterk kanslar som Bismarck. Dei nye kanslarane hadde vanskar med å utføre rollene sine, særleg stillinga som statsminister av Preussen som dei òg hadde i følgje den tyske grunnlova. Reformer som vart utført av kanslar Caprivi omhandla liberalisering av handel og mindre arbeidsløyse. Dette vart støtta av både keisaren og mange tyskarar, bortsett frå prøyssiske landeigarar, som frykta tap av land og makt. Dei starta mange kampanjar mot Caprivi og reformene hans.[13].

Medan dei prøyssiske aristokratane utfordra kravet om eit samla tysk rike i 1890-åra, utfordra fleire opprørske organisasjonar den autoritære konservative prøyssiske militarismen som gradvis vart innført i nasjonen. Enkelte lærarar stilte seg mot dei statlege skulane som dreiv militær utdanning og sette i staden opp sine eigne sjølvstendige og liberale skular som oppfordra til individualitet og fridom..[14] Uansett hadde skulane i Det tyske riket svært høg standard og omhandla moderne utvikling.[15] Kunstnarar starta med eksperimentell kunst trass i keisar Vilhelm sitt krav om tradisjonell kunst. Han sa mellom anna at «kunst som ikkje følgjer reglane og grensene som eg har lagt ned kan ikkje lenger kallast kunst».[16] Den farlegaste motstanden mot monarkiet kom frå det nyleg oppretta Sozialdemokratische Partei Deutschlands (SPD) i 1890-åra som støtta marxismen. Trugselen frå SPD mot det tyske monarkiet og industrialistar førte til at staten slo ned på sosialistiske tilhengjarar og innførte sosialreformer for å dempe spenningane. Dei store industriane i Tyskland hadde viktige sosialtrygdsystem og tok godt vare på sine tilsette så lenge dei ikkje var identifisert som sosialistar eller medlemmar av fagforeiningar. Dei gav pensjonar, sjukepengar og til og med busetnader til dei tilsette for å redusere sosial uro.[14]

Vilhelm II la ned striden mot den romersk-katolske kyrkja og brukte all energien til regjeringa på å kjempe mot sosialismen.[17] Denne politikken svikta då sosialdemokratane fekk ein tredjedel av stemmene i valet for Reichstag i 1912 og vart det største politiske partiet i Tyskland. Regjeringa vart verande hos forskjellige koalisjonar av høgrevridde liberale eller katolske geistlege og var sterkt avhengig av støtte frå keisaren. Den aukande militarismen som Vilhelm II innførte førte til at mange flykta frå Tyskland for å unngå militærteneste. Dei fleste flykta til USA.

Under den første verdskrigen tilfall makta i riket til eit tomanns diktatur i 1916 leia av den tyske overkommandoen, den framtidige presidenten general Paul von Hindenburg og general Erich Ludendorff. Keisaren vart ikkje lenger sett på som ein helt av tyskarane, medan Hindenburg og Ludendorff vart sett på som verkelege heroiske leiarar. Keisaren vart verande den øvste tyske leiaren på papiret i to år til før han abdiserte etter krigen i 1918.

Utanriks[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Det tyske koloniriket.

Vilhelm II ønskte at Tyskland skulle ha «sin stad i sola» som Det britiske emperiet hadde og Tyskland prøvde å opprette koloniar i Afrika og Stillehavetnyimperialisme»). Sidan mange av områda i Afrika alt var kolonisert, tok Tyskland dei gjenverande områda og oppretta Tysk Sørvest-Afrika (Namibia), Tysk Kamerun (Kamerun), Togoland og Tysk Aust-Afrika (Tanzania). Tyskland klarte å få nokre øyar i Stillehavet og den kinesiske hamnebyen Qingdao, for å konkurrere med britiske Hong Kong og det portugisiske Macau. Dei afrikanske koloniane gav noko økonomisk gevinst, men koloniane i Stillehavet var til liten økonomisk nytte, og fungerte berre som ei offisiell spreiing av tyske landområde. Tyskland, finansiert av Deutsche Bank, bygde Bagdadbanen i samarbeid med Det osmanske riket for å kunne opprette ei tysk hamn i Midtausten.[18]Bygginga av Bagdadbanen 1900–1911 var i starten støtta av Storbritannia, som meinte at dette ville auke handelen mellom sitt eige land og Tyskland. Etter kvart som tida gjekk innsåg derimot britane at Tyskland prøvde å få meir makt i Midtausten og kravde at dei stoppa vidare bygging av jernbanen, noko Tyskland og Det osmanske riket aksepterte. Bismarck var imot koloniseringa og meinte at TYskland burde få internasjonal makt ved å dominere Europa og danne eit tysk «Mitteleuropa» (Mellom-Europa) ved å ta land frå Det russiske riket, noko som ville gje Tyskland økonomiske ressursar og land å utnytte på kostnad av ikkje-tyske innbyggjarar. Vilhelm sine forsøk på å kolonisere dei gjenverande områda i Afrika og Stillehavet vart kritisert av tyske nasjonalistar og seinare av Adolf Hitler fordi ein då ikkje greip høve til å byggje eit fullstendig europeisk Tyskland.

Den tyske kolonialismen under Vilhelm II førte Tyskland ut i konflikt og i faren for konflikt fleire gonger. Det første tilfellet var Bokseropprøret i Qingdao der sivile kinesarar protesterte mot at tyskarane var der. Vilhelm kravde ein rask reaksjon og sa at kinesarane måtte tvingast til å minnast den tyske rå makta på same måte som andre minnast hunarane, ei utsegn som seinare vart nytta av krigsmotstandarar for å håne Tyskland under den første og den andre verdskrigen. Ved to høve gjekk Tyskland nesten til krig mot Frankrike over Marokko.

Feilernærte, men overlevande herero etter dei har rømd gjennom den tørre ørkenen Omaheke.

Den tyske kolonialismen førte til folkemordet på Herero og Namaqua i Tysk Sørvest-Afrika (dagens Namibia). Då dei tok Sørvest-Afrika oppfordra tyskarane kvite nybyggjarar til å slå seg ned på landområda til stammene Herero og Namaqua. Desse stammene vart så nytta som slavar, medan landområda deira vart plyndra for ressursar, særleg diamantar, av tyske kolonistar. I 1903 og 1904 gjorde Herero og Namaqua oprrør mot dei tyske kolonistane. General Lothar von Trotha vart sendt til området for å slå ned opprøret og gav dei eit ultimatum om å forlate landområda sine eller verte skoten.[19]}}

Totalt vart 65 000 frå Herero (80 % av heile stamma) og 10 000 frå Namaque (halvparten av heile stamma) myrda. Det tyske riket forsvarte handlingane sine for resten av verda ved å hevde at Herero ikkje kunne vernast av Genevekonvensjonen fordi Herero ikkje var verkelge menneske, men «undermenneske». Denne metoden med umenneskeleggjere folk for å forsvare folkemord vart seinare nytta av Nazi-Tyskland fleire år seinare. I motsetnad til nazistane såg ikkje tyskarane på alle ikkje-kvite menneske som umenneskelege og hadde mellom anna fleire afrikanarar i dei tyske kolonihærane kalla Askari. Målet var spesifikt å fjerne Herero og Namaque frå Tysk Sørvest-Afrika av frykt for fleire opprør som kunne destabilisere dei tyske koloniane i Aust-Afrika. SN fordømde offisielt folkemordet i 1985, etterfølgd av den tyske regjeringa i 2004.

Tyskland sin fiendtlege innstilling mot Frankrike, og Tyskland sin støtte av Austerrike-Ungarn sin okkupasjon av Bosnia-Herzegovina i 1908, førte til at Tyskland mista det tidlegare gode forholdet til Russland, og høve til ein allianse med Storbritannia forsvann då dei følgde det russiske monarkiet sin motstand mot den aggressive haldninga til Tyskland. I 1914 hadde Vilhelm sin utanrikspolitikk ført til at Tyskland var isolert med berre ein lojal alliert igjen, Austerrike-Ungarn, som stort sett var avhengig av støtte frå Tyskland for å verne om den svekka makta over riket sitt på grunn av etnisk nasjonalisme rundt om i riket. Tyskland sin andre offisielle allierte, Kongedømet Italia, hadde vorte stadig meir lunken og likeglad til Tyskland og var berre ein alliert på papiret. Dei såg større fordelar med å gå inn i ein allianse som gjorde at dei kunne få tilbake dei italienske områda frå Austerrike-Ungarn.

Den første verdskrigen og slutten på riket[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Tyskland under første verdskrigen.

Etter mordet på den austerriksk-ungarske erkehertugen av Austerrike-Este, Frans Ferdinand av den bosniske serbaren Gavrilo Princip gav keisar Vilhelm II full støtte til den austerriksk-ungarske keisaren Frans Josef til å invadere Serbia, som dei gav skulda for drapet. Den tyske regjeringa rekna ikkje med at det skulle utvikle seg til ein storkrig sidan Serbia i starten godtok mange av krava til Austerrike-Ungarn, og om ein krig braut ut, så trudde dei at han ville halde seg i regionen. Dei rekna òg med at Russland, som ikkje lenger var sint på grunn av Austerrike-Ungarn sin okkupasjon av Bosnia i 1908, ikkje ville risikere krig mot Austerrike-Ungarn om Tyskland kravde at russarane ikkje skulle gå til åtak. Dette skar seg derimot då Russland erklærte krig mot Austerrike-Ungarn. Frankrike og Storbritannia gjekk inn på Russland si side, som Trippelententen, og Det tyske riket og Europa stod overfor ein massiv krig.

Tyskland starta krigen med å rette mål mot Frankrike, den store rivalen deira. Tyskland såg Frankrike som den største trugselen på det europeiske kontinentet sidan dei kunne mobilisere langt raskare enn Russland og grensa til det viktigaste industriområdet i Tyskland, Rheinland. I motsetnad til Storbritannia og Russland gjekk franskmennene først og fremst til krig mot Tyskland som hemn for at Frankrike tapte Alsace-Lorraine til Tyskland i 1871. Den tyske overkommandoen visste at Frankrike ville gå inn i Alsace-Lorraine. Tyskland ønskte ikkje lengre kampar langs grensa mot Frankrike og innførte i staden Schlieffen Plan, ein militær strategi for å råke Frankrike ved å invadere Belgia og Luxembourg, så sveipe sørover mot Paris og til slutt omringe og knuse dei franske styrkane langs den fransk-tyske grensa. Etter å ha slått Frankrike ville Tyskland så vende mot Russland. Denne strategien ville krenke den offisielle statusen til Belgia og Luxembourg som nøytrale land. Strategien var i starten ein suksess og den tyske hæren flytta seg raskt sørover frå Belgia og Luxembourg og kom seg nesten til Paris. Ved elva Marne gjorde derimot den franske hæren kraftig motstand for å forsvare hovudstaden i det første slaget ved Marne, noko som gjorde at den tyske hæren trekte seg tilbake.

Etterverknaden etter det første slaget ved Marne var ein langvarig stillstand mellom den tyske hæren og dei allierte der ein nytta skyttergravskrig. Forsøk på å bryte seg lenger inn i Frankrike slo feil etter store tap i dei to slaga ved Ypres. Den tyske stabssjefen Erich von Falkenhayn valde å gå bort frå Schlieffen Plan og heller fokusere på å slite ned den franske hæren. Falkenhayn valde den gamle byen Verdun som mål fordi Verdun hadde vore ein av dei siste byane som stod imot den tyske hæren i 1870, og Falkenhayn visste at på grunn av nasjonalkjensla til franskmennene ville dei prøve å gjere kva som helst for at tyskarane ikkje skulle ta byen. Falkenhayn tenkte at om franskmennene tapte meir enn tyskarane ville dei halde fram med å sende forsterkingar til området og til slutt ville den franske hæren «blø kvitt» og så la den tyske hæren ta Frankrike utan store problem. I 1916 starta slaget ved Verdun og franskmennene i Verdun var konstant bombardert av granatar og åtak med giftgass. Franskmennene tapte stort mot den overveldande store tyske hæren. Falkenhayn spådom om at franskmennene kom til å tape fleire styrkar enn den britiske slo derimot feil. Falkenhayn vart erstatta av Erich Ludendorff og utan løysing i sikte ved Verdun trekte den tyske hæren seg tilbake i desember 1916.

Grensene vert trekt opp under Brest-Litovsk-traktaten.

Medan det meste for den tyske hæren gjekk i stå ved vestfronten, hadde dei stor suksess ved austfronten. Den dårleg organiseringa av russiske hæren, samt mangelen på forsyningar, gjorde at den tyske og den austerriksk-ungarske hæren kunne rykke stadig austover. Tyskarane utnytta den politiske ustabiliteten i Russland og eit ønske om å ende krigen. I 1916 let den tyske regjeringa den russiske kommunistiske bolsjevikleiaren Vladimir Lenin få lov å reise gjennom Tyskland frå Sveits og inn i Russland. Tyskland trudde at Lenin ville skape enno meir politisk uro og at Russland slik ikkje lenger kunne halde fram krigen og den tyske hæren kunne fokusere på vestfronten.

I 1917 vart tsaren kasta frå den russiske trona og seinare vart ei bolsjevikregjering danna under Lenin. Lenin valde å ende krigen mot Tyskland, Austerrike-Ungarn, Det osmanske riket og Bulgaria for å handsame den indre uroa i landet. I 1918 medførte Brest-Litovsk-traktaten til at bolsjevikregjeringa gav enorme område til Tyskland og Det osmanske riket mot at ein slutta krigen ved austfronten. Dette inkluderte heile dagens Baltikum (Estland, Latvia og Litauen) som vart gjeve til den tyske okkupasjonsstyresmakta Ober Ost, samt Kviterussland og Ukraina. Tyskland oppnådde då omsider det langvarige ønsket om eit «Mitteleuropa», og kunne no fokusere på å ta vestfronten.

På kolonifronten hadde Tyskland blanda resultat. Mange av dei tyske koloniane fall til britiske og franske hærane, men i Tysk Aust-Afrika klarte leiaren av kolonihæren der, general Paul Emil von Lettow-Vorbeck å gjennomføre eit imponerande felttog med det innfødde Askari-folket som han styrte. Lettow-Vorbeck nytta geriljaraid mot dei britiske styrkane i Kenya og Rhodesia, samt invaderte det portugisiske Mosambikk for å gje styrkane sine forsyningar og hente inn fleire Askari-soldatar. Etter krigen var hæren hans den einaste som fekk løyve til ein sigersparade under Brandenburger Tor.

Trass i suksess på austfronten i 1918 klarte ikkje Tyskland å få til noko meir på vestfronten. Det var tre årsaker til dette. Den første var krigsutmatting då dei tyske soldatane hadde vore på slagmarka konstant utan å få avlasting og klarte ikkje å bryte gjennom den britiske og franske hæren i mars og april 1918, trass i forsterkingar frå austfronten. Den andre var sivil uro. Det meste av forsyningar vart sendt til fronten og sidan britane sin handelsblokkade til sjøs vart tilhøva for sivile tyskarar stadig dårlegare. Matprisane skaut først i vêret, og seinare vart det innført rasjonering. Vinteren 1916–17 vart kalla «kålrotvinteren». I løpet av krigen mista om lag 750 000 sivile tyskarar livet på grunn av feilernæring.[20] Mange tyskarar ville ha ein slutt på krigen og fleire og fleire tyskarar vende seg mot venstresida, som Det sosialdemokratiske partiet og det meir radikale Sjølvstendige sosialdemokratiske pariet som kravde ein slutt på krigen. Då ein tysk ubåt overraskande gjekk til åtak på det amerikanske linjeskipet RMS «Lusitania» i 1915 med amerikanske sivile om bord (sjølv om tyskarane mistenkte at det frakta forsyningar til britane) og Tyskland så erklærte uavgrensa undersjøisk krigføring mot Storbritannia i 1917 gjekk USA inn i krigen. Dette var avgjerande for krigen fordi tyskarane, i motsetnad til britane og franskmennene, var ikkje dei amerikanske styrkane krigstrøtte.

I november 1918, med indre opprør, ein stilleståande krig, eit Austerrike-Ungarn som fall frå kvarandre på grunn av etniske spenningar, og press frå den tyske overkommandoen, abdiserte keisar Vilhelm II frå trona i lag med den tyske overkommandoen, og let den nye regjeringa styrt av Sozialdemokratische Partei Deutschlands ta skulda og be om våpenkvile den 11. november 1918, som markerte slutten på den første verdskrigen og Det tyske keisardømet. Riket vart etterfølgd av det demokratiske, men langt frå feilfrie, Weimarrepublikken.

Arv[endre | endre wikiteksten]

Det tyske keisardømet etterlet ei arv av blanda skjebner for Tyskland og Europa. Under Bismarck vart dei tyske statane endeleg samla, men vart verande ein prøyssiskdominert stat og inneheldt ikkje det tyske Austerrike. Den prøyssiske militarismen og opprettinga av koloniriket skapte eit negativt syn på staten, særleg etter folkemordet på Herero og Namaqua og årsakene til første verdskrigen. Sjølv om Det tyske riket innførte mange samfunnsreformer som pressefridom og eit velferdssystem, dreiv dei samstundes open rasistisk diskriminering av ikkje-tyskarar, noko som har ført til at enkelte historikarar har kalla det ein apartheidstat[21] Dei hadde eit moderne valsystem for Reichstag, som representerte alle vaksne menn. Dette gjorde at dei tyske sosialistane og det katolske senterpartiet fekk viktige roller i den tyske politikken, sjølv om begge meir eller mindre offisielt vart sett på som «fiendar av riket».

Historia om Det tyske riket vert i Tyskland hugsa som ein periode der vitskapen, kunsten og litteraturen blømde. Thomas Mann gav ut romanen sin Buddenbrooks i 1901. Theodor Mommsen fekk nobelprisen i litteratur eit år seinare for den romerske historia si. Målarar som gruppene Der Blaue Reiter og Die Brücke lagde viktige bidrag til moderne kunst. AEG sitt turbinbygg i Berlin av Peter Behrens frå 1909 vert rekna som ein milepåle i klassisk moderne arkitektur og eit glimrande døme på funksjonalisme. Den store suksessen innan vitskap, økonomi og samfunn i denne Gründerzeit, eller grunnleggande epoken, gjer at Vilhelm-perioden stundom vert sett på som ein gullalder.

Innan økonomi la Kaiserzeit grunnlaget som gjorde at Tyskland vart ein av dei leiande økonomiske statsmaktene i verda. Særleg jern- og kolindustrien i Ruhrområdet, Saarland og Øvre Schlesien medverka mykje til denne prosessen. Den første bilen vart bygd av Karl Benz i 1886. Den enorme veksten innan industriproduksjon og industripotensial førte òg med seg ei rask urbanisering av Tyskland, og Tyskland vart eit land der størsteparten av innbyggjarane levde i byar.

At riket støtta Austerrike-Ungarn sin invasjon av Serbia mot Russland sin vilje er av mange historikarar sett på som ein av dei viktigaste årsakene til hendingane som førte til den første verdskrigen. Tapet og etterverknadane etter den første verdskrigen og dei store økonomiske tapa og landområda som gjekk tapt med Versailles-traktaten førte til enorm forgreining av den nye tyske republikken, som det om kva den tyske staten var og korleis han skulle styrast. Konservative, liberale, sosialistar, nasjonalistar, katolikkar og protestantar hadde alle sine eigne tolkingar, noko som førte til eit oppstykka politisk og sosialt klima i Tyskland etter riket kollapsa.

Sonderweg-spørsmålet har vorte mykje debattert av historiskarar om korvidt den tyske politikken og samfunnet i Det tyske keisardømet gjorde at Nazi-Tyskland var uunngåeleg eller ikkje. Enkelte historikarar, som Fritz Fischer, Hans-Ulrich Wehler og Wolfgang Mommsen, har hevda at under Det tyske riket vart ein «førmoderne» aristokratisk elite nedfelt i det tyske samfunnet og medførte at Weimarrepublikken var dømd til å slå feil sjølv før det oppstod. Andre historikarar, som Gerhard Ritter, har hevda at berre første verdskrig og etterverknadane etter krigen opna dørene for nazismen.

Landområde i dag[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til dagens Tyskland høyrer store delar av Det tyske keisardømet i dag til mange andre europeiske land:

Tysk namn Land Region
Elsass-Lothringen Frankrike Dei då tysktalande departementa Bas-Rhin og Haut-Rhin (Alsace) og Moselle (nordaust i Lorraine)
Eupen und Malmédy
Belgia Eupen og Malmedy, to byar og dei omliggande kommunane i provinsen Liège, på grensa til Tyskland.
Nordschleswig Danmark Sør-Jylland
Hultschiner Ländchen (Sudetenland som strekte seg langs grensa til Tyskland høyrde til Austerrike-Ungarn) Tsjekkia Regionen Hlučín, på grensa til Polen i Schlesien. Tyskarane vart deportert frå dette området (og heile Sudetenland) etter den andre verdskrigen
Sentral og Aust-Pommern, Schlesien, Ostbrandenburg, Ermland, Masuren, Westpreußen, Sør-Ostpreußen
Òg Posen (Wartheland).
Polen den nordlege og vestlege delen av landet, inkludert Pommern, Schlesien, Lubusz Land, Ermeland og Masuria. Alle tyskarar vart deportert frå desse områda etter den andre verdskrigen.
Nord-Ostpreußen med Königsberg Russland Kaliningrad oblast ein enklave ved Austersjøen. Alle tyskarar vart deportert frå området etter den andre verdskrigen.
Memelland med Memel (by) Litauen regionen Klaipėda, inkludert kystbyen Klaipėda. Alle tyskarar vart deportert frå området etter den andre verdskrigen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. German Empire: administrative subdivision and municipalities, 1900 to 1910 (tysk). Vitja 8. juni 2008.
  2. Population statistics of the German Empire, 1871 (tysk). Vitja 8. juni 2008.
  3. Grunnlova til Det tyske riket: Bismarck-grunnlova (tysk) (16. april 1871).
  4. Grunnlova til Det tyske riket: Weimar-grunnlova (tysk) (11. august 1919).
  5. Moeller van den Bruck, Arthur (1923) Das Dritte Reich – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
  6. F. A. Hayek, The Road to Serfdom
  7. 7,0 7,1 Imannuel Geiss, Der polnische Grenzstreifen 1914-1918. Ein Beitrag zur deutschen Kriegszielpolitik im Ersten Weltkrieg, Hamburg/Lübeck 1960
  8. Martin Kitchen (2000) Cambridge Illustrated History of Germany – Cambridge University Press. ISBN 978-0521794329.
  9. Denis Judd (1976) Eclipse of Kings – Stein & Day. ISBN 978-0685701195.
  10. 10,0 10,1 10,2 Kurtz, Harold (1970) The Second Reich: Kaiser Wilhelm II and his Germany – McGraw-Hill. ISBN 978-0070356535.
  11. 11,0 11,1 Stürmer, Michael (2000) The German Empire: 1870–1918Random House, New York. ISBN 0679640908..
  12. 12,0 12,1 Kurtz, Harold (1970) 63
  13. Kurtz, Harold (1970) 67
  14. 14,0 14,1 Kurtz, Harold (1970) 72
  15. Lüke, Martina G.: Zwischen Tradition und Aufbruch. Deutschunterricht und Lesebuch im Deutschen Kaiserreich. Frankfurt am Main 2007, ISBN 978-3-631-56408-0.
  16. Kurtz, Harold (1970) 76
  17. Kurtz, Harold (1970) 56
  18. Stürmer, Michael (2000) 91
  19. Tyskland beklagar folkemordet i Namibia, BBC News, 12. januar 2004
  20. Tysk historisk museum. 1914–18: Lebensmittelversorgung (tysk).
  21. Martin Kitchen, A History of Modern Germany, 1800-2000 Blackwell Publishing 2006, side 130

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Aronson, Theo. The Kaisers. London: Cassell, 1971.
  • Blackbourn, David and Eley, Geoff. The Peculiarities Of German History: Bourgeois Society and Politics In Nineteenth-Century Germany. New York: Oxford University Press, 1984 ISBN 0-19-873058-6.
  • Craig, Gordon. Germany: 1866-1945, Oxford : Clarendon Press, 1978 ISBN 0-19-822113-4.
  • Fischer, Fritz. From Kaiserreich to Third Reich: Elements of Continuity in German History, 1871-1945. (omsett og med introduksjon av Roger Fletcher) London: Allen & Unwin, 1986. ISBN 0-04-943043-2.
  • Fischer, Fritz. War of Illusions: German Policies from 1911 to 1914. (translated from the German by Marian Jackson) New York: Norton, 1975. ISBN 0-393-05480-2.
  • Jefferies, Mattew. Imperial Culture in Germany, 1871-1918. New York and London: Palgrave, 2003. 1-4039-0421-9.
  • Lüke, Martina G.: Zwischen Tradition und Aufbruch. Deutschunterricht und Lesebuch im Deutschen Kaiserreich. Frankfurt am Main 2007, ISBN 978-3-631-56408-0.
  • Nipperdey, Thomas. Deutsche Geschichte 1800 - 1918. Arbeitswelt und Bürgergeist. Machtstaat vor der Demokratie. 3 vols. Beck: München, 1998, ISBN-13: 978-3-406-44038-0.
  • Retallack, James. Germany In The Age of Kaiser Wilhelm II, Houndmills, Basingstoke, Hampshire : Macmillan ; New York : St. Martin's Press, 1996 ISBN 0-312-16031-3.
  • Ritter, Gerhard. The Sword and the Scepter; the Problem of Militarism in Germany. (omsett til engelsk frå tysk av Heinz Norden) Coral Gables: University of Miami Press 1969-73.
  • Stürmer, Michael. The German Empire, 1870-1918. New York: Random House, 2000. ISBN 0-679-64090-8.
  • Mommsen, Wolfgang. Imperial Germany 1867-1918: Politics, Culture, and Society in an Authoritarian Sate. (omsett av Richard Deveson frå Der Autoritäre Nationalstaat) London: Arnold, 1995. ISBN 0-340-64534-2.
  • Wehler, Hans-Ulrich. The German Empire, 1871-1918. (omsett frå tysk av Kim Traynor) Leamington Spa, Warwickshire: Berg Publishers, 1985. ISBN 0-907582-22-2.
  • Gregor Schollgen. Escape into War? The Foreign Policy of Imperial Germany. UK: Berg, 1990. ISBN 0-85496-275-1.
  • Imanuel Geiss. German Foreign Policy 1871-1914. USA: Routledge and Kegan Paul, 1976. ISBN 0-7100-8303-3