Det uralske fonetiske alfabetet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det uralske fonetiske alfabetet eller det finskugriske fonetiske alfabetet er eit lydalfabet som gjer det mogleg å skrive språklydar på ein nøyaktig måte. Alfabetet vart lagt fram av E. N. Setälä i 1901, og det har særleg vorte brukt for dei uralske språka, og til ein viss grad for tyrkiske språk. Grunnen til dette er at uralistane i byrjinga dominerte utforskinga av tyrkiske språk.

Det uralske fonetiske alfabetet er laga med ein annan filosofi enn t.d. IPA. Der IPA opererer med mange lydsymbol og få diakritiske teikn, har det uralske fonetiske alfabetet få lydsymbol men fleire diakritiske teikn.

Det uralske fonetiske alfabetet er alltid kursivert.

Grunnbokstavar[endre | endre wikiteksten]

Det uralske fonetiske alfabetet inneheld følgjande latinske bokstavar:

  • a ä b d e f g h i j k l m n o ö p q r s š t u ü v w x y z ž (og ein modifisert c-bokstav).

I tillegg blir følgjande bokstavar frå andre alfabet også brukt:

  • Greske: α β γ δ ε η ϑ ϰ π ϱ τ φ χ ψ
  • Kyrilliske: л
  • Polske: ł
  • Norsk-danske æ ø
  • Islandske: ð
  • Franske: œ

Kapitélar[endre | endre wikiteksten]

Ustemde variantar av stemde lydar blir markert ved at bokstaven blir skrive som kapitél:

  • A Ä Æ D Đ E I J L Ł M N R U Ü V W ϒ Л Ψ

Etter etablert praksis blir konsonantar som er delvis stemd:

For å skilje mellom ustemt og halvstemt konosnant kan halvstemte konsonantar bli markert med prikko ver kapitelbokstaven: Ż

Ustemde lydar kan også merkast med strek under: a b. Det blir alltid gjort for bokstavane o ö ø ε a ä η .

Ein ustemd overgangslyd mellom to lydar som kan innehalde laryngal-lyd, blir merka med H. (Her har det også vorte brukt omsnudd c, dvs: ɔ.)

I tilleg blir følgjande kapitélbokstavar brukt:

  • Kapitel-Κ = ustemt palatal flap, avulsiv (ϰ = stemt).
  • Kapitel-Τ= ustemt dental flap (τ = stemt).
  • Kapitel-Π= ustemt labial flap (π = stemt).
  • Kapitel-Ρ = ustemt uvular tremulant.

ʔ-merk står for ustemt laryngalklusil, og -merket står for stemt laryngalspirant.

Snudde bokstavar[endre | endre wikiteksten]

Eit sentralt prinsipp for lydalfabetet er bruken av snudde bokstavar, dvs. bokstavar som er snudd opp-ned. Opp-ned-snudde vokalsymbol (ɒ ə ᴉ ɜ osb.) viser redusonerte vokalar. Det er også mogleg å vise reduserte vokalar med ein liten krok under vokalen ( ˛ ) (ą ę į osb.). Vokalsymbol som ikkje kan bli snudd opp-ned kan få ein slik krok, dette gjeld o u ü ᴐ ø æ. Vanlegare er å legge desse bokstavane på sida (ᴑ ᴝ ᴓ osb.)

Ein snudd y-bokstav (ɦ) blir brukt for stemt h.

Ein snudd m-bokstav kan bli brukt for å vise redusert sentral u (ɯ = )

Snudd c-bokstav (ᴐ) blir brukt for halvåpen o.

Snudd kapitel-C = ustemt, halvopen o.

Snudd r-bokstav (ɹ) blir brukt til stemt halvtremulant (snudd kapitel-R eller ᴚ = tilsvarande ustemt lyd).

Små bokstavar[endre | endre wikiteksten]

Heva forminska bokstavar markerer schwa-vokaler, obergangsvokalar og overkorte lydar, som t.d. dei finske dialektformene kolome, jen.

Lite spørjeteikn utan punktum markerer markert (glottal) start eller stopp.

Senka forminska bokstav viser sekundær artikulasjon for føregåande lyd, t.d. ao = labialisert a , lu = runda l.

Diakritiske symbol[endre | endre wikiteksten]

  • ~ Viser nasalisering (t.d. ã, õ ). Symbolet under vokalen viser svak nasalisering (esimerkiksi , ).
  • ‹ under bokstaven viser at artikulasjonen er lenger bak enn vanleg artikulasjon, t.d. .
  • › under bokstaven viser at artikulasjonen er lenger fram enn vanleg artikulasjon, t.d .
  • v over bokstaven viser sterkare friksjon for konsonanten, og samtidig meir bakre artikulasjon, š, ř.
  • v viser meir open uttale . Står symbolet bak vokalen viser det til delabialisering: ov.
  • ^ under vokalsymbol viser at vokalen blir uttalt trongare (t.d. ).
  • · over vokalen er litt trongare vokal (ė = ) eller halvstemt konsonant (Ġ = halvstemt media, = halvstemt tenuis).
  • . under bostaven er svært bakre lyd ( = kakuminal t, ẹ = bakre e ).
  • ¨ over vokal viser fremre vokal (ä ö ü) .
  • .. under bokstaven viser uvularitet (t.d. ).
  • ´ oppå eller etter konsonanten viser palatalisering ń, .
  • ° under konsonanten viser sonorant konsonant (konsonant som fungerer som vokal, t.d. , .
  • ʿ etter konsonanten viser aspirasjon, pʿ.
  • ˒ viser stemt sterk start på vokalen i vokalinitiale ord, t.d. finsk ˒eppä ˒ollu).
  • ̮ under vokalsymbolet viser midtre vokal, t.d. , .
  • ̯ under bokstaven viser at vokalen opptrer som konsonant, t.d. i ̯.
  • ˛ under bokstaven viser at konsonanten er koronal ( ) og vokalen redusert.
  • ¸ under bokstaven viser at konsonanten er postdental eller labiodental (t.d. ţ) og labialkonsonantens labiodentalheit (t.d. ).
  • ₍ mellom bokstavar viser til stavingsgrense, t.d. linja₍auto.
  • ‿ mellom ord viser at den siste lyden i førre ordet er delvis eller heilt assimilert til neste lyd (t.d. otiη‿kädem‿pois) (med η for n og med m for n, "otin käden pois").
  • ˽ viser mellom ord at det førre ordets konsonant har vorte initial konsonant i neste ordet (t.d. kaupp˽ol tehtü).
  • _ under bokstavet viser til ustemde lydar, a (= A), r (= R).
  • ˟ under bokstaven viser til hes uttale.
  • + under bokstaven viser til knirkeuttale.
  • ˾ etter bokstaven viser til at lukkelyden ikkje blir opna. .

Kvantitet[endre | endre wikiteksten]

  1. forminska bokstav over linja ) overkort lengde (t.d. a e i t)
  2. over bokstav = kort vokal (t.d. ă ĕ ĭ t̆)
  3. bokstav utan diakritisk teikn = kort lyd (t.d. a e i t)
  4. ` etter bokstaven = halvkort (t.d. a` e`)
  5. ` oppå bokstaven = halvlang (t.d. à è)
  6. › oppå bokstaven = litt lenger lyd (t.d. a͐ e͐)
  7. - på bokstaven = lang lyd (t.d. ā ē)
  8. ˆ på bokstaven = overlang lyd (t.d â ê)

Relativt trykk[endre | endre wikiteksten]

  • · etter den sonante bokstaven i ordet = hovudtrykk (t.d. sa.naton — det er og mogleg å merke 'sanaton).
  • : etter den sonante bokstaven i ordet = bitrykk (t.d. sa.nalli:nen — det er og mogleg å merke 'sanal,linen).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]