Det utdanningsvitenskapelige fakultetet ved Universitetet i Oslo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Helga Engs hus på Blindern

Det utdanningsvitenskapelige fakultet, òg kalla UV-fakultetet eller UV, er eit av åtte fakultet ved Universitetet i Oslo. Fakultetet driv fleirfagleg forsking og tilbyr utdanning i fagområde som har å gjere med skole, pedagogikk, spesialpedagogikk og utdanning. Fakultetet er delt opp i einingane Institutt for lærerutdanning og skoleforskning (ILS), Institutt for spesialpedagogikk (ISP), Pedagogisk forskningsinstitutt (PFI) og senteret InterMedia. Administrasjonen og einingane knytt til fakultetet held til i Helga Engs husBlindern, bortsett frå ILS som held til i Fysikkbygningen like ved.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fakultetet blei oppretta 1. januar 1996, då tre institutt og eit senter blei samla i eit felles fakultet. Verksemda innanfor fagfeltet til fakultetet har likevel ein mykje lengre tradisjon ved Universitetet i Oslo. I 1907 blei Pedagogisk seminar etablert. Dette utvikla seg seinare til Institutt for lærerutdanning og skoleforskning. Pedagogisk forskingsinstitutt blei grunnlagt i 1938, då Helga Eng blei utnemnd til den første professoren i pedagogikk. Institutt for spesialpedagogikk har opphav i Statens spesiallærerhøgskole. Denne var frå starten i 1961 ein sjølvstendig institusjon, og blei først i 1990 underlagt Universitetet i Oslo. Senteret InterMedia blei etablert i 1998.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]