Det venezuelanske riksvåpenet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Det venezuelanske riksvåpenet

Det venezuelanske riksvåpenet blei teke i bruk av Venezuela i 1836 og har gått gjennom småendringar til å få si noverande utforming. Riksvåpenet er eit skjold med tre felt som kvar har ein av trikolorfargane i flagget i botn.

Det nedre feltet på skjoldet, som dekkjer heile breidda, er blått med ein springande kvit hest. Øvre venstre felt er raudt med ein kveitebunt i gull. Øvre høgre felt er gult med to krosslagde venezuelanske flagg og våpen – eit sverd, ein sabel og tre lansar – som er bundne saman med ei laurbærgrein. Hesten står for fridom og sjølvstende, våpena og flagga for siger i kamp og urfolk, og kornet for grøderikdom og unionen av 20 delstatar til ein republikk.

Over skjoldet er to krosslagde overflodshorn med ein rikdom av blømande vekstar. På venstre side er ei olivengrein og på høgre ei palmegrein som nedst er bundne saman med eit band i nasjonalfargane. På dette bandet står det fulle namnet på landet og to viktige datoar:

19 de Abril de 1810
(Statskuppet 19. april 1810)
20 de Febrero de 1859
(Den føderale borgarkrigen braut ut 20. februar 1859)
Independencia
('Sjølvstende')
Federación
('Føderasjon')
República Bolivariana de Venezuela
('Den bolivarske republikken Venezuela')

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Complete Flags of the World, Dorling Kindersley, femte utgåve 2008.