Determinativ

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Determinativ er namnet på ei klasse ord som står til substantiv og som på ein eller annan måte fastset, peikar ut eller presiserer den tingen substantivet viser til: I «bilen min» peiker «min» ut ei viss eining i mengda av bilar, nemleg den bilen som høyrer til talaren. I «fem bøker» fastset «fem» kor mange bøker det er – dvs. at det er tale om fem av alle bøker. Determinativa skil seg frå pronomena ved at pronomen kan stå i staden for substantivfraser (guten - han jamførd med guten - guten min).

Denne grammatikkframstillinga viser til tilhøva i norsk og byggjer mellom anna på framstillinga i Norsk referansegrammatikk og tilrådingane frå Norsk Språkråd[1]. Somme determinativ har genus- og talbøying - andre ikkje.

Determinativ i norsk[endre | endre wikiteksten]

Possessiv[endre | endre wikiteksten]

Eit possessiv er eit determinativ som får fram eit tilhøyr. Possessiv med bøying i genus og tal er min, din, sin og vår. Ubøygde possessiv er hans, hennar, deira og dykkar. Possessiva skil seg frå dei andre determinativa ved at dei til vanleg står etter dei substantiva dei påverkar, og ikkje før dei.

Demonstrativ[endre | endre wikiteksten]

Eit demonstrativ er eit determinativ som peikar ut ei eining i ei mengd. Saman med eit substantiv dannar dei difor substantivfrasar som peikar ut noko unikt – dei har unik referanse. Dei fleste demonstrativ vert bøygde i samsvar med det substantivet dei står til.

Dei viktigaste demonstrativa er den, denne, slik, sånn, same, annan, dilik, såvoren, hin.

Nokre av demonstrativa, så som t.d. den, det, denne har identiske pronomen. I setninga Eg såg det er det eit pronomen, medan same ord er eit demonstrativ i Eg såg det huset. Dette har fått nokre grammatikarar til å hevde at det ikkje er noko skilje mellom demonstrativ og pronomen. For somme av demonstrativa er ikkje det samsvarande pronomenet identisk. I setninga Eg såg den bilen er den eit demonstrativ, medan det samsvarande ordet han i setninga Eg såg han er eit pronomen.

(Ei anna sak er at det i Eg såg det huset etter den grammatikkmodellen som denne sida skildrar ikkje er eit pronomen men eit mengdeord/ein kvantor.)

Kvantorar – mengdeord[endre | endre wikiteksten]

Mengdeord, eller kvantorar, er determinativ som fastset tal eller mengd.

Mengdeord som vert bøygde i samsvar med substantivet dei står til er nokon, ingen, ein, éin, einkvan, all, kvar. Kvantorar utan bøying er alle, båe, begge, to, tre, fire osv. Ord frå andre ordklassar, så som adjektiva heil, halv, forskjellig, ulik, einskild, tallaus, visse, få, mange kan òg fungere som mengdeord.

I den gamle inndelinga høyrer mengdeorda inn under pronomen (ubundne pronomen) eller i eigne ordklassar (talord og artiklar). Men sidan den ordklasseinndelinga som er omtala her mykje er tufta på syntaktiske vurderingar, fell t.d. talorda på to ordklassar: rekkjetala (fyrste, andre, tredje) vert adjektiva sidan dei ter seg som dei i setningar, medan grunntala fell inn under determinativ av mengdeordstypen.

Forsterkarar[endre | endre wikiteksten]

Forsterkarane er eigen, sjølv. Desse orda skil seg frå dei andre determinativa ved at dei kan førekoma i lag med andre determinativ, t.d. Det var min eigen feil. eller Det gjeld sjølve grunnlaget for landbrukspolitikken.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Språkrådets «Grammatiske termer til bruk i skoleverket» [1]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]