Detlef Thorith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Detlef Thorith
Fødd 27. september 1942
Koszalin
Død

17. juli 2019 (76 år)
Nieder-Eschbach

Yrke friidrettsutøvar

Detlef Thorith (fødd 27. september 1942) er ein tysk tidlegare diskoskastar frå Berlin som representerte Aust-Tyskland. Han vart europameister i øvinga under EM i friidrett 1966 i Budapest. Thoriths personlege rekord er frå 1972 og lyder på 64,82 meter.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Thorith sette personleg rekord med 57,43 m i 1964, men var ikkje god nok til å få plass i OL-troppen til Tyskland. To år seinare kasta han under EM i friidrett 1966 ein cm kortare enn den tidlegare personlege bestenoteringa, men det var tilstrekkeleg til å vinne gullmedaljen i ei svært jamn tevling, der alle medaljane gjekk til austyske utøvarar. Få veker i forkant av meisterskapen hadde han nådd 61,30 m, og vart dermed den fyrste tyskaren som passerte 60-metersgrensa i diskoskast.

Han sette austtysk rekord med 62,26 m i 1967, og tok sin fyrste av tre DDR-titlar i diskoskasting. I OL-sesongen 1968 var han berre så vidt over 60 meter, og fekk dermed ikkje vere med til OL i Mexico-byen. Heller ikkje til EM 1969 eller 1971 fekk han reisesetel, men vart austtysk meister i 1970. Han forbetra besteresultatet sitt til 63,90 m i 1970, og gjorde sitt livs lensgste kast med 64,82 m i 1972. Thorith deltok under Sommar-OL 1972 i München, der han kom på sjetteplassen. Same sesongen tok han i den austtyske meisterskapen si tredje gullmedalje i diskos.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Friidrott-65, Friidrott-68, Friidrott-69, Friidrott-71 og Friidrott-72. Hälsingborg.