Detour

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Detour (There's A Muddy Road Ahead)
Song av Jimmy Walker
Utgjeve 1945
Sjanger Western swing
Låtskrivar(ar) Paul Westmoreland

«Detour (There's A Muddy Road Ahead)» er ein Western swing-ballade skriven av Paul Westmoreland i 1945. Den originale versjonen vart gjeven ut av Jimmy Walker med Paul Westmoreland and His Pecos River Boys i byrjinga av november 1945.[1]

Spade Cooley med Tex Williams på vokal fekk ein stor hit med songen i 1946, då han låg 11 veker inne på countrylista og nådde andreplassen.[2] Andr artistar som har hatt ein hitversjon med songen i 1946 var Wesley Tuttle, Elton Britt og Foy Willing.[2]

Ein kjend versjon av songen vart spelt inn av Patti Page i 1951. Denne gjekk inn på Billboard-lista 4. august 1951 og låg på lista i 16 veker med ein femteplass som høgaste plassering.[3]

Andre versjonar av songen er spelt inn av Bill Haley & His Comets, Ella Fitzgerald med Herb Ellis, Dean Martin i 1965 på albumet hans Houston og ein instrumentalversjon av Duane Eddy på albumet Have 'Twangy' Guitar Will Travel (1958).

I 2016 spelte Cyndi Lauper inn «Detour» med Emmylou Harris til albumet Detour.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Billboard, November 3, 1945
  2. 2,0 2,1 Whitburn, Joel (2005). The Billboard Book of Top 40 Country Hits. Billboard Books. s. 89, 423. 
  3. Whitburn, Joel (1973). Top Pop Records 1940-1955. Record Research. 
  4. Wicks, Amanda (January 28, 2016). «Cyndi Lauper’s Country Album ‘Detour’ Features Willie Nelson, Emmylou Harris & More». Radio.com. Henta 24. februar 2018.