Deutsche Grammophon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Deutsche Grammophon
ConcertRecordGramophone.JPG
Skipa6. desember 1898
DotterselskapArchiv Produktion Sjå dette på Wikidata
EigarUniversal Music Group Sjå dette på Wikidata
BransjeMusikkindustri
HovudkontorStralauer Allee 1, 10245 Berlin

Deutsche Grammophon er eit tysk plateselskap som blei grunnlagt i 1898 i Hannover av Emile Berliner. Selskapet er særleg kjend for utgjevingane sine av klassisk musikk.

I 1924 grunnla Deutsche Grammophon plateselskapet Polydor. I 1941 blei selskapet overteke av Siemens & Halske AG. I 1962 stifta Deutsche Grammophon ein joint venture saman med Philips Records under namnet Phonogram, som i 1972 blei til PolyGram. I dag er Deutsche Grammophon ein del av Universal Music. Utgjevingane er kjenneteikna av den klare, gule fargen som grafisk element både i logoen og på omslaga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Deutsche Grammophon