Deutz-Fahr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Logoen til Deutz-Fahr.
Deutz-Fahr Agrotron 130.

Deutz-Fahr er eit tysk føretak som produserer traktorar. Føretaket har røter tilbake til 1864, då Nicolaus August Otto stifta Motorenfabrik N.A. Otto & Cie., som seinare skifta namn til Klöckner-Humboldt-Deutz AG[1][2]. Traktorproduksjonen tok til i 1918, med ein benzendriven traktor på 30 hk. I 1975 kjøpte Deutz den tyske traktorprodusenten Fahr og endre merkenamn til Deutz-Fahr[1]. I 1992 produserte Deutz traktor nr. 1 million. I 1995 vart føretaket kjøpt av den italienske traktorprodusenten SAME (Società Accomandita Motori Endotermici), som skifta namn til SAME Deutz-Fahr.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 P. Conze og U. Mattern, Deutz-Geschichten aus 25 Jahren Schlepperpost, DLG-Verlag, 2002.
  2. P. Conze, Das grosse Deutz-Buch, Landwirtschaftsverlag GmbH, 2004.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Deutz-Fahr