Devínska Kobyla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Devínska Kobyla sett frå Devín.

Devínska Kobyla (tysk Thebener Kogel) er eit fjell i Dei vesle Karpatane nær Bratislava i Slovakia, mellom kommunane Devínska Nová Ves, Devín og Dúbravka. Det har ei høgd på 514 moh og er det høgaste punktet i Bratislava. Området rundt har vore ein del av eit nasjonalt naturreservat sidan 1965. Frå toppen er det mogeleg å sjå Bratislava, Austerrike, Ungarn, Donau og Morava.

I det vesle området vekse det 234 artar sopp, 110 forskjellige typar lav, 100 forskjellige typar mose og 1110 planteartar. Sør- og sørvestsida av fjellet og langs vestsida av Bratislava er det ideelle forhold for termofil skogssteppe. Skogane på sørvestsida er hovudsakleg urskog av eik.

Det går ein fire kilometer lang sti gjennom Devínska Kobyla med ein fascinerande stad kalla Sandberg. Han er ein av dei viktigaste paleontologiske stadane i Slovakia. Sandgripa har restar av bergartar frå havområde frå tertiærtida og det er framleis fossilar her. Alderen på desse bergartane er estimert til 14 til 16 millionar år gamle.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 48°11′26″N 16°59′45″E