Deva i hinduismen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Devaene kjerner mjølkehavet. Kambodsjansk utskjering frå 1100-talet.

Deva (देव med devanagariskrift) er eit sanskritord for gud. Det blir brukt om gudar i hinduismen, særleg om vediske gudar. I vedisk mytologi står devaene i motsetnad til asuraene, ein slags demonar eller motgudar. Eit anna namn på devaene er sura.

Deva eller kortforma Dev er også brukt som mannsnamn blant hinduar. Ordet er vanleg i samansetjingar med gudenamn (som Rama, «Ramdev» eller «Ramadeva») og eigenskapar (som «Visjvedevas», ‘all-gudane’, og «Devanampiya», ‘elska av gudane’, eit namn brukt av Asjoka den store).

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Hokjønnsforma av «deva» er «devi». Det finst liknande ord i mange indoeuropeiske språk, til dømes som dievaslitauisk, deus på latin og tívar på norrønt. Namnet på skaparguden Dyaus er i slekt med ordet «deva». Ordet finst også i namnet på skrifta devanagari.

Deva i hindumytologi[endre | endre wikiteksten]

Agni kjem ut av offerelden og signar Khatushyam.

Devaene held til i Dyuloka (‘Gudehimmelen’). Dei kan stå for naturkrefter eller gode verdiar. Dei blir dyrka i ei rekkje mantra i Vedaene. Den eldste av desse, Rigveda, nemner 33 devaer. Hovuddevaene i dette verket er herskarguden Indra og dei ti offergudane Agni (eld) og Soma. Varuna er både ein deva og ein asura. Fleire vers er også stila til alle devaene saman som Visjvedevas, ‘all-gudane’.

Det seinare verket Aitareya Brahmana opnar med eit vers som viser til ei rangordning blant devaene, der Indra skal vera den øvste og Agni den lågaste av dei.

Deva i moderne hinduisme[endre | endre wikiteksten]

Innan moderne hinduisme er isjta-deva eller isjta-devata brukt om ein hovudgud, det vil seia den guddommen ein vel å dyrka.

Namnet Mahadeva (‘Store Gud’) er ofte brukt om Sjiva, som er hovudguden til mange hinduar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]