Optikusnevromyelitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Devics syndrom)

Optikusnevromyelitt (dessutan kjend som Devic-sjukdomen og Devic-syndrom) er ein sterkt invalidiserande autoimmun og demyeliniserande betennelsessjukdom i sentralnervesystemet kjenneteikna ved optikusnevritt og myelitt. Sjukdomen råkar i hovudsak optiske nervar og ryggmergen, der han dannar arr. Til skilnad frå multippel sklerose vert hjernen sjeldnare råka. Sjukdomen er knytt til antistoff mot vasskanalen akvaporin 4, eit protein som finst i kontaktgreiner hjå astrocyttar og som er viktig mellom anna for vassbalansen i hjernen.[1][2]

Andre liknande sjukdomar med antistoff mot akvaporin 4 vert rekna til optikusnevromyelitt-spekteret. Eit mindretal av pasientar med kliniske symptom på optikusnevromyelitt har antistoff mot myelinoligodendrocytt-glykoproteinet, og dei fleste av desse har ikkje antistoff mot akvaporin 4.[2]

Optikusnevromyelitt vart tidlegare rekna som ei avgrensa form av multippel sklerose, men er no rekna som ein eigen sjukdom.[1][2]

Optikusnevromyelitt vart fyrst skildra med dette namnet på fransk av Eugène Devic i 1894, som neuro-myélite optique aiguë. Andre mogelege skildringar av sjukdomen vart gjorde før dette, og det fyrste kjende dømet frå den vestlege bokheimen vart gjort i 1844.[3][4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Freitas, Eduardo; Guimarães, Joana (2014). «Neuromyelitis optica spectrum disorders associated with other autoimmune diseases». Rheumatology International 35 (2): 243. PMID 24952418. doi:10.1007/s00296-014-3066-3. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Wingerchuk, Dean M.; Banwell, Brenda; Bennett, Jeffrey L.; Cabre, Philippe; Carroll, William; Chitnis, Tanuja; De Seze, Jérôme; Fujihara, Kazuo; Greenberg, Benjamin; Jacob, Anu; Jarius, Sven; Lana-Peixoto, Marco; Levy, Michael; Simon, Jack H.; Tenembaum, Silvia; Traboulsee, Anthony L.; Waters, Patrick; Wellik, Kay E.; Weinshenker, Brian G. (2015). «International consensus diagnostic criteria for neuromyelitis optica spectrum disorders». Neurology 85 (2): 177. PMID 26092914. doi:10.1212/WNL.0000000000001729. 
  3. Jarius, Sven; Wildemann, Brigitte (2013). «The history of neuromyelitis optica». Journal of Neuroinflammation 10. doi:10.1186/1742-2094-10-8. 
  4. Jarius, S.; Wildemann, B. (2012). «'Noteomielite' accompanied by acute amaurosis (1844)». Journal of the Neurological Sciences 313 (1–2): 182–4. PMID 21992815. doi:10.1016/j.jns.2011.09.025. 
Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.