Devilsmother
Utsjånad
| Devilsmother | |||
| fjell | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Område | Galway, Mayo | ||
| Fjellkjede | Connemara | ||
| Høgd | 645 moh. | ||
| Primærfaktor | 280 m | ||
![]() Devilsmother 53°36′01″N 9°38′23″W / 53.600388888889°N 9.6396694444444°W | |||
Devilsmother er eit fjell på 645 meter over havet i Connemara på grensa mellom County Galway og County Mayo i Republikken Irland.
Devilsmother høyrer til Partryfjella. Det ligg ved Killary Harbour, med utsyn over turstien Western Way.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Fjellet har to namn på irsk: Magairlí an Deamhain, som tyder ‘demonen sine testiklar’, og Binn Gharbh, som tyder ‘ru topp’.[1] Dei angliserte namna «Mogarlyandoon» og «Ben Garrif» finst på nokre historiske kart. Det noverande engelske namnet «Devilsmother» kan vera ei eufemistisk omskriving eller kan stamma frå eit anna namn.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- 1 2 Tempan, Paul. Irish Hill and Mountain Names. MountainViews.ie.
- Denne artikkelen bygger på «Devilsmother» frå Wikipedia på engelsk, den 2. august 2017.
