Dewa-provinsen

Koordinatar: 39°00′59″N 140°19′02″E / 39.01639°N 140.31722°E / 39.01639; 140.31722
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dewa på eit kart over provinsane i Japan frå 1868

Dewaprovinsen (出羽国 Dewa no kuni) var ein provins i Japan som dekka området utgjort av Yamagata og Akita prefektur i dag,[1] med unntak av byane Kazuno og Kosaka. Dewa grensa mot provinsane Mutsu og Echigō. Kortforma av namnet var Ushū (羽州).

I 1868 blei provinsen omorganisert av dei nye Meiji-styresmaktene til Ugoprovinsen (羽後国) i nord og Uzenprovinsen (羽前国) i sør. Desse provinsane blei til Akita prefektur og Yamagata prefektur i 1876.[2]

Ukiyo-e av «Dewa» i Hiroshige sine ‘Kjende scener frå seksti statar’ (六十余州名所図会), med Mogamielva og Gassanfjellet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg historie[endre | endre wikiteksten]

Før Asuka-tida var Dewa folkesett av ainuar eller emishiar, og var i røynda utanfor maktsfæra til Yamatodynastiet. Abe no Hirafu overvann dei innfødde emishistammane og skipa det som blei til byane Akita og Noshiro i 658. Han grunnla også ein festning ved Mogamielva. I 708 blei Dewa distrikt (出羽郡 Dewa-gun) skipa i Echigō-provinsen. Distriktet dekka omtrent dagens Shōnai-område i Yamagata prefektur, og blei gradvis utvida nordover etterkvart som japanarane pressa ut dei innfødde folka på nordlege Honshū. Dewa distrikt fekk status som provins i 712, og fekk i tillegg distirkta Okitama og Mogami, som tidlegare hadde vore del av Mutsu-provinsen.[3]

Væpna kolonistar grunnla fleire busetnader med trepalisadar i sentrale Dewa. Den første provinshovudstaden var Dewanosaku (出羽柵), ein befesta busetnad i det som no er Sakata i Yamagata. Denne var ein viktig bastion då Yamato-riket utvida kontrollen og folkesetnaden sin i området. I 733 blei hovudstaden flytta nordover, og det blei bygd ein ny militær busetnad, seinare kalla Akitaborga, i det som no er Takashimizu-området i Akita. Abe no Yakamaro blei Chinjufu-shōgun. I 737 byrja eit større arbeid med å laga vegsamband mellom Akitaborga og Tagaborga ved stillehavskysten. I løpet av dei neste 50 åra blei det bygd fleire festningar ved Okachi i Dewa og Monofu i Mutsuprovinsen, med styrkar på over 5000 mann. Vegen var sterkt mislikt av emishiane, og etter eit opprør i 767 blei det sendt ut ekspedisjonar for å hindra slike opprør i 776, 778, 794, 801 og 811.[4]

Under Heiantida, i 878, braut det ut eit større opprør, kjend som Ganki-forstyrringa (元慶の乱 Ganki no ran), mot Yamato-herskarane. Det fann stad eit anna større opprør i 939, som del av den austjapanske krigen Tengyō no Ran. Mot slutten av Heiantida blei provinsen delt opp i 11 distrikt. Han var seinare slagmark under Gosannen-krigen og Den tidlege niårskrigen.

Mellomalder og tidleg moderne tid[endre | endre wikiteksten]

Etter at klanen Ōshū Fujiwara blei slått ned av styrkane til Kamakura-shogunatet i 1189, flykta mange av Fujiwara-folka til fjella i Dewa og fortsette kampen mot sentralmakta. I Kamakura-tida blei området delt inn i mange gods (shōen), som utvikla seg til senter for ulike rivaliserande samuraiklanar. I 1335 fekk Shiba Kaneyori provinsen som vasall av Ashikaga Takauji,[5] men var berre herskar i namnet. Ved enden av Sengoku-tida stod Mogami-klanen att som den mektigaste i sørdelen av provinsen, medan Akita-klanen dominerte norddelen. Begge klanane støtta Tokugawa Ieyasu i slaget ved Sekigahara, og var dermed trygge i stillingane sine ved byrjinga av Tokugawa-shogunatet.

Tidleg i Edo-tida blei både Mogami og Akita fråtekne områda sine, som blei delte opp i mindre delar kalla han. Det største av desse områda tilhøyrde Sakai- og Uesugi-klanen. Under Bakumatsu-tida gjekk alle han-godsa saman i koalisjonen Ōuetsu Reppan Dōmei som støtta Tokugawa-shogunatet. Styrkane som støtta Tokugawa blei til slutt slått av Meiji, som omorganiserte Dewa-provinsen til Ugo- og Uzan-provinsen. i 1868. Desse provinsane blei til Akita og Yamagata prefektur den 2. august 1876.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kōdansha. (1993). "Akitajō" i Japan: an Illustrated Encyclopedia, bd. 1, s. 29.
  2. 2,0 2,1 Nussbaum, Louis-Frédéric. (2005). "Provinces and prefectures" i Japan Encyclopedia, s. 780.
  3. Titsingh, Isaac. (1834). Annales des empereurs du japon, p. 64., p. 64, på Google Books
  4. Turnbull. Japanese Castles AD 250-1540. s. 13
  5. Terry, Thomas Philip. (1914). Terry's Japanese Empire,, p. 324, på Google Books

39°00′59″N 140°19′02″E / 39.01639°N 140.31722°E / 39.01639; 140.31722