Hopp til innhald

Dewsbury

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dewsbury
by
Land  England
Region West Yorkshire
Distrikt Kirklees
Folketal 62 945 (2011)[1]
Postnummer WF12-13
Retningsnummer 01924
Kart
Dewsbury
53°41′00″N 1°38′00″W / 53.683333333333°N 1.6333333333333°W / 53.683333333333; -1.6333333333333
Wikimedia Commons: Dewsbury

Dewsbury er ein by i West Yorkshire, England. Han ligg vest for Wakefield, og sør for Batley, ved elva Calder og Calder og Hebble-kanalen.

Dewsbury var eit sentrum for det som vart kalla «the shoddy trade», den sjuskete næringa. Filler og øydelagde klede vart resirkulert til pledd, tepper og uniformer.

Patrick Brontë, faren til Anne, Charlotte og Emily Brontë var rektor i soknekyrkja i byen.

Byen har no ei stor asiatisk folkegruppe, som utgjer omkring 30 % av folkesetnaden. Det har til tider vore spent mellom forskjellige etniske grupper, men det har aldri brote ut større uro. British National Party har i enkelte kretsar fått opptil 35 % av stemmene, men har ikkje vunne noko i sete. Den islamske misjonsorganisasjonen Tablighi Jamaat har det britiske hovudkvarteret sitt i Dewsbury.

Dewsbury er ein av dei fattigaste stadane i grevskapet, og har saman med Batley kome inn i eit EU-program for å avhjelpe dette.

  1. http://www.citypopulation.de/UK-Cities.html. {{cite web}}: Missing or empty |title= (hjelp)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Dewsbury