Dexter's Laboratory

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dexter's Laboratory
Norsk tittel: Dexters laboratorium
Typeanimated television series
Sjangerscience fiction serie, komiserie
OpphavslandUSA
Sesongar4
Episodar78
Lengd22 minutt
Språkengelsk
SkaparGenndy Tartakovsky
ProdusentLarry Huber
RegiRob Renzetti, Paul Rudish, Craig McCracken, Robert Alvarez, Rumen Petkov, Chris Savino
RøysterSam Lerner, Allison Moore
Periode27. april 1996–
20. november 2003
KanalCartoon Network

Dexter's Laboratory (norsk tittel: Dexters laboratorium) er ein amerikansk animert fjernsynsserie skapt av Genndy Tartakovsky for Cartoon Network. Serien følgjer geniet Dexter, ein ung oppfinnar med eit gøymt laboratorium på rommet sitt, som han held hemmeleg for foreldra sine. Han er konstant i kamp med den eldre systera si, Dee Dee, som alltid kjem seg inn i laboratoriet og forpurrar eksperimenta hans. Dexter er også ein bitter rival til geniet Mandark, som er nabo og klassekamerat til Dexter. Dei to første sesongane av serien hadde fleire segment med superhelt-figurane Monkey, laboratorieapen til Dexter med superkrefter, og The Justice Friends, ein trio av superheltar som deler leilegheit.

Dexter's Laboratory fekk positiv mottaking og vart ein av dei mest vellukka originale seriane på Cartoon Network. I løpet av sendeperioden vann han mellom anna tre Annie Awards og vart nominert til fire Primetime Emmy Awards. Serien er notabel for å ha vore utgangspunkt for karrierane til animatørane Craig McCracken, Seth MacFarlane, Butch Hartman og Rob Renzetti. Biprodukt baserte på serien femner teikneseriar, DVD- og VHS-utgjevingar, musikkalbum, leiker og dataspel.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikifrasar Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Dexter's Laboratory
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.