Dhahran

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 26°16′N 50°09′E
Dhahran
arabisk الظهران, ad-Dahrān
by
AramcoCoreArea.jpg
Land Flag of Saudi Arabia.svg Saudi-Arabia
Region Austprovinsen
Høgd 17 moh
Koordinatar 26°16′N 50°09′E
Areal 100 km²
 - vatn km²
Folketal 138 135 (2012)
Folketettleik 1 381 / km²
Borgarmeister Bandar Al-Subayi
Tidssone EAT (UTC+3)
Postnummer 31261
Retningsnummer +966-13
Saudi Arabia location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Dhahran

Dhahran (arabisk الظهران, aẓ-Ẓahrān) er ein by i Austprovinsen i Saudi-Arabia. Han er eit stort administrativt senter for saudiarabisk oljeindustri. I lag med dei nærliggande byane Ad Dammam og Al Khobar, dannar Dhahran ein del av Dammam storbyområde eller Stor-Dammam med eit estimert folketal på kring 4,1 millionar innbyggjarar (2012).

Det vart funne store oljereservar i Dhahran-området i 1931, og i 1935 bora Standard Oil den oljebrunnen som kunne utnyttast kommersielt. Standard Oil oppretta sidan eit dotterselskap i Saudi-Arabia kalla Arabian American Oil Company (ARAMCO), som i dag er blitt eit heilt statseigd selskap og kalla Saudi Aramco. Dhahran har vore hovudkvarteret til Saudi Aramco i 80 år og det første og største inngjerda bustadområde med meir enn 9 700 innbyggjarar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Dhahran ligg like vest for sentrum av Khobar. Han ligg 15 km sør for Dammam. Begge er eldre, saudiarabiske hamnebyar ved kysten av Persiabukta. Lenger unna ligg Abqaiq i nordaust og Qatif i søraust, og enno lenger nord ligg Ras Tanura, ei stor oljeeksporthamn. Øya Bahrain ligg òg i kort køyreavstand i aust (kring 35 km), over Kong Fahd-vegfyllinga, frå Khobar.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i Dhahran er prega av lange, varme og fuktige somrar, og milde vintrar. Temperaturane stig til over 40 ºC om sommaren saman med særs høg luftfukt på 85—100 %. Varmerekorden i Dhahran er 51,1 °C.[1] Om vinteren fell tempeaturen sjeldan under -2 °C, og kulderekorden er på −5 °C frå januar 1964.[2] Regn kjem det nesten berre mellom november og mai. Shamal-vinden bles vanlegvis gjennom byen tidleg på sommaren, og fører til sandstormar som kan redusere sikta til nokre få meter. DEsse vindane kan vare i opp til seks månader.

Den 8. juli 2003 var doggpunktet i byen målt til 35 ºC, medan temperaturen var 42 ºC. Dette gav ein følt temperatur på 78-79 ºC, ein av dei høgaste følte temperaturane som er målt i verda.[3]

Klimadata for Dhahran, Saudi-Arabia
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 30 36.2 38.8 45 51.1 49 49 48.5 46.6 44.5 37.5 31 51,1
Normal maks. temp. °C 20.8 22.3 25.6 32.4 38.7 41.7 43.3 42.4 40.3 35.6 28.9 23.2 32 93
Døgnmiddeltemp. °C 15.5 16.7 20.6 25 30.6 33.4 35.2 34.4 31.9 27.9 22.3 17 25 88
Normal min. temp. °C 10.2 11.5 14.7 19.7 24.6 27.5 28.9 28.7 25.6 22 17.1 12.4 10,2
Kulderekord °C -4 3 6 10 14 19.4 21 19.5 18.5 13.4 8 3.4 -4
Nedbør (mm) 17.7 15.2 35.3 3.5 1.2 0 0 0 0 0.3 18.6 15.7

relativ fukt 73 68 60 55 43 34 36 44 53 60 64 66 54,7
Kjelde nr. 1: Hong Kong Observatory (1981–2000)[4]
Kjelde nr. 2: NOAA (extremes and fukt, 1961-1990)[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dhahran vart grunnlagd i 1938, då det vart oppdaga olje i nærleiken.[5]

Under andre verdskrigen den 19. oktober 1940, vart Dhahran angripen av det italienske luftforsvaret (Regia Aeronautica) som ein del av bombinga av Bahrain, men fekk få skadar. I 1950 hadde Dhahran eit folketal på kring 7 000 innbyggjarar.[6] Under Golfkrigen var byen åstad for kampar og dei største tapa av liv for koalisjonsstyrkane. Den 25. februar 1991 råka eit irakisk missil ein amerikansk forlegning i byen og tok livet av 28 amerikanske soldatar frå Pennsylvania.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Dhahran har hovudkvarter i Saudi Aramco.[7] Selskapet er det største oljeselskapet i verda med dei største oljereservane i verda,[8] og dei produserer kring 10 millionar fat olje kvar dag. Det meste av olja vert eksportert, sidan saudiarabarane sjølv berre krev kring 12 % av den samla produksjonen sin.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste innbyggjarane i Dhahran er saudiarabarar, men her bur òg mange utanlandske arbeidarar frå asiatiske land som Bangladesh, India, Indonesia, Nepal, Pakistan og Filippinane, i tillegg til land som USA, Canada, Europa, Tyrkia, Sør-Afrika, Australia og New Zealand. I 1993 var folketalet 73 691.[9] I 2004 hadde folketalet auka til 97 446.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Extreme Temperatures Around the World». Henta 17. desember 2015. 
  2. 2,0 2,1 «Climate Normals for Dhahran». National Oceanic and Atmospheric Administration. Henta 17. desember 2015. 
  3. Samenow, Jason (3. juli 2013). «Washington, D.C. can feel hotter than Death Valley at its hottest». The Washington Post. 
  4. «Climatological Information for Dhahran i Saudi-Arabia». Hong Kong Observatory. Henta 17. desember 2015. 
  5. Cohen, Saul B. The Columbia Gazeteer of the World (New York: Columbia University Press, 1998) s. 828
  6. Columbia-Lippincott Gazeteer (New York: Columbia University Press, 1952) s. 510
  7. " Contact Us." Saudi Aramco. Henta 5. november 2009.
  8. Some interesting oil industry statistics Gibson Consulting. Henta 20. januar 2014.
  9. «Dhahran». The Columbia Encyclopedia (6th utg.). The Columbia University. 2013. Henta 16. september 2013. Mal:Subscription required

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Dhahran