Di Derre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Di Derre

Di Derre er eit norsk popband beståande av Jo Nesbø (vokal, gitar), Magnus Larsen Jr. (bass) og Espen Stenhammer (trommar). Espen Stenhammer overtok som trommeslagar etter Sverre Beyer (1958–2002), som døydde av kreft. Knut Nesbø (1961-2013) spelte gitar i bandet.

Historia[endre | endre wikiteksten]

Gruppa vart danna i 1992. Opphavet til namnet er kort og godt at bandet ikkje hadde noko namn, slik at følgjande ordveksling ofte fann stad når dei skulle spela: –Kven spelar i kveld? –Jo, det er no dei derre … . Mange av tekstene handlar om stadar, personar og hendingar knytt til Molde.

Bandet slo gjennom med det andre albumet sitt Kvinner & klær (seinare omdøypt til Jenter & sånn etter krav frå vekebladet KK) i 1994. Albumet er bandet sitt mestseljande med over 190 000 selde eksemplar.

I 1996 kom albumet Gym som òg vart godt motteke av publikum. Med songar som «Korpset vårt» og «Faren til Ivar» forsterka dei inntrykket av å vera ein popgruppe som lét oppvekst, pubertet og nostalgi prega songane sine. Den siste plata, Slå meg på! (Popmusikk), vart gjeve ut i 1998 og fekk òg ei rekkje gode meldingar, blant anna i Dagbladet, som lét han stå til 5 på terningen. Fengjande poplåtar som «14 kvinner» og tittellåta «Slå meg på» sikra at òg denne plata selde bra.

Sidan 1998 har bandet halde ein låg profil med nokre få, utvalde konsertar her og der. Dei held likevel éin fast konsert i året – i heimbyen Molda under Moldejazzen. Dei spelar så å seia alltid for fulle hus på heimebane. Jo Nesbø er enno ein aktiv musikar som turnerer landet rundt med ein kassegitar rundt halsen og ein bassist ved sida. Han har gjeve ut ein solo-album som gav oss radiohiten «Håp». Han har òg gjeve ut fleire prisbelønnede krimromaner.

Sommaren og hausten 2006 reiste Di Derre på ein omfattande avslutningsturné over store deler av landet. I juni 2006 kom dei med samleskiva Di beste med Di Derre, som inkluderte eit par nye låter. Responsen var «overveldande», ifølgje bandet sjølv, og dei spelte for fulle hus blant anna i Bergen og Kristiansund. I samband med Moldejazz skulle bandet halda to konsertar som vart utselt raskt. Dagen før første konsert måtte dei likevel avlysa, då vokalist Jo Nesbø hadde fått halsbetennelse og mista stemmen.

27. juni 2009 opptredde bandet på Rogafest på Vaulen, Stavanger.

Bandet fekk Gammleng-prisen i klassa pop i 1996.

Di Derre pleiar å halda konsert kvar sommar under «to tårn» på øya Jomfruland som ligg utanfor Kragerø.

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

  • Jo Nesbø – vokalist gitar låtskrivar
  • Magnus Larsen Jr. – bass kor
  • Espen Stenhammer – trommeslager
  • Halvor Holter - keyboard
  • Unni  Wilhelmsen - gitar vokalist
  • Lars Jones - gitar

Tidlegare medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Han Derre med Di Derre (1993) (relansert som Den forrige med Di Derre 1995)
  • Jenter & sånn (1994) (opphavleg gjeven ut under namnet Kvinner og Klede)
  • Gym (1996)
  • Slå meg på! (Popmusikk) (1998)
  • Bestet ditt med Di Derre (2006) (samleplate)

Ukjende utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • To fulle menn (1997 Maxi singla)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]