Diakonhjemmet Sykehus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Diakonhjemmet Sykehus
Foto: Hans A. Rosbach

Diakonhjemmet Sykehus er eit privat, ikkje-kommersielt og offentleg finansiert diakonalt sjukehus som tilbyr behandling og pleie på spesialisthelsetenestenivå. Stiftinga Det norske Diakonhjem eig sjukehuset, og har avtale med Helse Sør-Øst om å ha lokalsjukehusfunksjon for tre bydelar vest i Oslo. Administrasjon og dei somatiske avdelingane ligg på Diakonhjemmet sitt område på Steinerud. Dei psykiatriske avdelingane ligg på Tåsen og Vinderen.

I 2017 var det i gjennomsnitt 1 655 fast tilsette ved sjukehuset og 1 381 faste årsverk.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Om oss». diakonhjemmetsykehus.no. Henta 12. mars 2019. [daud lenkje]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]