Dialyse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pasient under hemodialyse
Skjematisk framstilling av korleis hemodialyse går føre seg

Dialyse er ein metode for reinse menneskekroppen for avfallsprodukt, saltar og vatn når nyrene i kroppen ikkje fungerer som dei skal på grunn av ein akutt sjukdom, eller når ein kronisk nyresjukdom vert så mykje forverre at nyrefunksjonen er vorte alvorleg svekka. Då kan dialyse verte naudsynt av di ålmenntilstanden elles kan verte skral, det kan samle seg væske i beina og det kan verte tyngre å puste. Det er to hovudmetodar for dialyse: peritoneal dialyse (PD) og hemodialyse (HD).

Hemodialyse[endre | endre wikiteksten]

I hemodialyse vert pasientens blodsystem kopla til ei dialysemaskin, slik at blodet går gjennom eit filter som reinsar det for avfallstoff, og som dreg ut overskotet av vatn i blodet. Dette vert vanlegvis gjort på eit dialysesenter tre gongar i veka, kvar gong i fire timer. Tilkoplinga til maskina vert førebudd kirkurgisk ved at det på overarmen eller underarmen vert kopla saman ei vene (blodåre som fører blodet attende til hjartet) og ein arterie (blodåre, pulsåre, som fører blodet som kjem frå hjartet), for at den auka blodgjennomstrøyminga skal få vena til å vekse og verte større. Etter to til tre månader etter inngrepet er vena klar til bruk, og då kan blodet verte sendt i rundgang gjennom dialysemaskina gjennom to nåler som vert lagt inn i vena.

Dersom det av ulike årsaker ikkje er mogleg å knyte pasienten til dialysemaksina på dette viset, kan det nyttast eit sentralvenøst kateter (slange) under huda i brystveggen. Dette kan takast i bruk med ein gong.

Somme dialysesentre kan tilby pasientane å sjølv gjere hemodialyse heime etter ha fått opplæring, og må då sjølv stå ansvarleg for det som skal gjerast. Moderne dialysemaskiner til heimebruk er mindre og enklare, men ikkje så effektive som sjukehusmaskinene, så dialysen må gjerast oftare, til dømes tre timer fem til sju gongar i veka.

Dei fleste toler hemodialyse godt, men det kan verte nokre forbigåande biverknader i byrjinga.

Peritoneal dialyse[endre | endre wikiteksten]

Peritoneal dialyse er ein dialysemetode som er meint å kunne gjerast heime. Metoden har namn etter peritoneum, som er den hinna som omgir dei indre organa i buken og bukveggen, og som dannar eit lukka holrom med stor overflate. Denne hinna vert nytta som dialysemembranen eller dialysefilteret. I hinna er det svært mange små blodårer, og frå blodet i desse årene kan avfallsstoff og overskot av vatn og saltar transporterast ut frå ved at dialysevæska vert fylt inn i buken og deretter tappa ut att. Det er difor naudsynt å operere inn eit dialysekateter (ein dialyseslange) gjennom bukveggen og inn i bukhola.

Katetret er klart til bruk etter to til fire veker, og kan då nyttast til å fylle vanlegvis to liter dialysevæske inn i bukhola om gongen. Etter at væska etter nokre timer har drege til seg avfallstoffa og overskotet av vatn, vert væska tømt ut og ny væske fylt inn. Dette skal som regel gjerast tre til fire gongar dagleg, eller væskeskiftinga kan gjerast om natta av ei maskin medan pasienten søv. Då vert den totale dialysetida på om lag åtte til ti timer. I båe tilfella kan den kommunale heimesjukepleia eller annan assistent hjelpe til dersom ein ikkje klarar å rå med det sjølv.

Peritoneal dialyse vil ofte vere meir skånsam enn hemodialyse, og vil kunne take vare på resterande naturleg nyrefunksjon lengre enn hemodialyse. Dessutan gjev metoden meir fridom og fritid, ikkje minst for dei som må reise langt til næraste hemodialysesenter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]