Diameter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvar av dei to lange, kryssande linjene er ein diameter i sirkelen

Diameter (frå gresk diairo, dele opp og metro, måle) er ei rett linje, eller ein korde, som går gjennom sentrum i ein geometrisk figur. For ein sirkel er diameteren den lengste rette linja som kan innskrivast, og alle diametrar er like og lange og knyter saman to punkt på ein sirkelperiferi.

Ved kjeglesnitt vert to diametrar kalla kongjugerte når den eine halverer alle kordar som er parallelle med den andre og omvendt. For ei flate med sentrum er eit diemetralplan eit plan som går gjennom sentrum, til dømes i ei kule. To punkt på ei kurve eller ei flate vert sagt å ligge diametralt eller diametralt motsett om dei er endepunkt for same diameter.

Diameteren til ein sirkel er det dobbelte av radiusen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]