Diamonds Are a Girl's Best Friend

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Diamonds Are a Girl's Best Friend»
Musikk av Jule Styne
Tekst av Leo Robin
Publisert 1949
Opphavleg artist Carol Channing

«Diamonds Are a Girl's Best Friend» er ein jazzsong introdusert av Carol Channing i det originale Broadway-produksjonen av Gentlemen Prefer Blondes (1949), med musikk av Jule Styne og tekst av Leo Robin.

Marilyn Monroe-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Songen er kanskje mest kjend i ei utgåve framført av Marilyn Monroe i 1953 i filmen Gentlemen Prefer Blondes. Det meste av songen skal ha blitt sunge av Monroe sjølv, og ho skal berre ha fått hjelp til den lyse introduksjonen av songen, som er sungen av Gloria Wood.[1][2][3] Monroe si utgåve av songen vert rekna som ei ikonisk framføring og vart rangert som den 12. beste filmsongen på 1900-talet av American Film Institute.[4]

Framføringa til Monroe har sidan blitt etterlikna av artistar som Madonna, Kylie Minogue, Geri Halliwell og Anna Nicole Smith. Musikkvideoen til Madonna-songen «Material Girl» er særskild liknande med same bakgrunn og kostyme som i filmen. Songen vart sampla av Megan Thee Stallion og Normani i 2020 for «Diamonds», med ein musikkvideo som etterlikna filmframføringa til Monroe.[5][6]

Songen er òg nytta i filen Moulin Rouge! i 2001, der han i hovudsak vert sungen av Nicole Kidman i rolla som Satine.

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «GENTLEMEN PREFER BLONDES (1953)». American Film Institute. Henta 18. november 2020. 
  2. «GENTLEMEN PREFER BLONDES». Turner Classic Movies. Henta 18. november 2020. 
  3. Todd McCarthy (2000). Howard Hawks: The Grey Fox of Hollywood. Grove Press. s. 505. ISBN 978-0-8021-3740-1. 
  4. «AFI's 100 YEARS...100 SONGS». American Film Institute. Arkivert frå originalen 27. oktober 2007. Henta 19. februar 2008. 
  5. «A Banger! Megan Thee Stallion & Normani Team Up On «Diamonds»». idolator. 10. januar 2020. Henta 18. november 2020. 
  6. Gonzales, Erica (10. januar 2020). «Normani and Megan Thee Stallion Kick Ass in Their New «Diamonds» Music Video». Harper's BAZAAR (på engelsk). Henta 18. november 2020.