Joinville Island
| Joinville Island | |||
| øy | |||
Joinville Island (midten) mellom d'Urville Island (over) og Dundee Island (under). | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Øygruppe | Joinville Island-gruppa | ||
| Stad | Antarktis | ||
| - koordinatar | 63°15′S 55°45′W / 63.250°S 55.750°W | ||
| Lengd | 64 km | ||
| Areal | 1 607 km² | ||
| Folketal | 0 | ||
| Administrert under | Antarktistraktaten | ||
![]() Joinville Island 63°15′S 55°45′W / 63.25°S 55.75°W | |||
| Wikimedia Commons: Joinville Island | |||
Joinville Island er den største øya i Joinville Island-gruppa, som ligg utanfor nordausttuppen av Den antarktiske halvøya. Ho er kring 64 km lang frå aust til vest og 20 km brei. Mellom øya og fastlandet ligg Antarctic Sound. Joinville Island vart oppdaga og kartlagd kring 1838 av ein fransk ekspedisjon kommandert av kaptein Jules Dumont d'Urville. Ho vart kalla opp etter François, prinsen av Joinville (1818–1900), den tredje sonen til hertug Louis-Philippe av Orléans som seinare vart kong Ludvig Filip av Frankrike.[1] Ho ligg i kravområda til Argentina, Storbritannia og Chile.
Nordlege delar
[endre | endre wikiteksten]

Cape Kinnes er eit nes på vestenden av øya. Det vart namngjeve av medlemmar frå Dundee kvalfangsekspedisjon 1892-93 etter Robert Kinnes, som betalte for ekspedisjonen.[2]
Madder Cliffs er ein raudaktig fjellvegg som stig bratt opp frå sjøen til kring 305 m og dannar nordsida av innløpet til Suspiros Bay, ved vestenden av Joinville Island. Han vart kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1953-54. Namnet, som vart gjeve i 1956 av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC), skildrar raudfargen. Madder er ein type raudleg plantefarge.[3]
Suspiros Bay er ei lita bukt ved vestenden av Joinville Island like sør for Madder Cliffs. Namnet vart foreslått av kaptein Emilio L. Diaz, ein offiser i den argentinske antarktisstyrken (1951-52). Toponymet syner til vanskane dei møtte kring bukta.[4]
Balaena Valley er ein slak, isfylt dal som ligg aust for Suspiros Bay. Han vart kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey i 1953–54. «Balaena» (med kapteinen Alexander Fairweather) var ein av kvalbåtane frå Dundee som vitja Joinville-øyane i 1892–93. Namnet vart nytta i 1956 av UK Antarctic Place-Names Committee og kjem frå plasseringa nær Cape Kinnes 6,5 km i sørvest. Robert Kinnes var ein skipseigar og handelsmann frå was Dundee som utrusta desse skipa for reisa deira til Antarktis.[5]
Saxum Nunatak er ein isolert nunatak på 430 moh., som ligg 6 nautiske mil (11 km) nord for Mount Tholus. Han er kuppelforma sett frå sør, men har ein kjenneleg fjellvegg på nordsida. Han vart kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1954. Namnet skildrar fjellveggen og «saxum» er latinsk for vegg.[6]
Boreal Point er eit nes på vestsida av Rockpepper Bay, langs nordkysten av Joinville Island. Det vart kartlagt av Falkland Islands Dependencies Survey i 1953–54. Neset fekk namnet sitt av UK Antarctic Place-Names Committee på grunn av plasseringa på nordkysten («boreal» tyder ‘nord’) av Joinville Island.[7]
Rockpepper Bay er ei bukt aust for Boreal Point. Ho vart kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1953-54. Ho fekk namnet sitt av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) på grunn av særs mange småøyar og skjer i bukta.[8]
King Point er eit nes på vestsida av innløpet til Ambush Bay. Det vart oppdaga 30. desember 1842 av ein britisk ekspedisjon under Ross, som namngav det Cape King etter kaptein (seinare kontreadmiral) Philip P. King i Royal Navy, 1793–1856, ein engelsk sjøoppmålar som laga betre kart for Australia og Sør-Amerika.[2]
Fliess Bay er ei bukt som ligg like vest for Fitzroy Point. Namnet finst på eit argentinsk kart frå 1957. Ho vart kalla «Caleta Almirante Fliess» etter admiral Felipe Fliess (1878–1952), som var løytnant og kommandør i Den argentinske marinen med mannskapet på skipet «Uruguay» i 1903 då dei redda medlemmane på Den svenske antarktisekspedisjonen (1901–04) leia av dr. Otto Nordenskjöld.[9]
Ambush Bay er ei 6,5 km brei bukt like aust for King Point. Ho vart oppmålt av FIDS i 1953. Namnet viser til at ho er ei felle (ambush) for reisande om ein ikkje kjenner grunnene og naturen til bukta.[10] Eit isfritt område på 69 hektar på austsida av bukta er blitt identifisert som eit Important Bird Area av BirdLife International på grunn av konsentrasjonen av sjøfuglar her, særleg ein hekkande koloni på kring 18 000 par av adéliepingvinar (estimert frå satellittbilde frå desember 2011).[11]
Fitzroy Point er eit lågt nes ved austsida av Fliess Bay heilt nordaust på Joinville Island. Det vart oppdaga den 30. desember 1842 av ein britisk ekspedisjon under James Clark Ross. Ekspedisjonen kalla det «Cape Fitzroy» etter kaptein (seinare viseadmiral) Robert FitzRoy i Royal Navy, ein engelsk hydrograf og meteorolog.[12]
Sørlege delar
[endre | endre wikiteksten]D'Urville Monument er eit kjenneleg kjegleforma fjell på 575 moh. som ligg ved sørvestenden av Joinville Island. Det vart oppdaga av ein britisk ekspedisjon under James Clark Ross mellom 1839 og 1843. Det vart namngjeve av han etter kaptein Jules Dumont d'Urville.[13]
Diana Reef er eit isolert rev som ligg 3 nautiske mil aust for D'Urville Monument i Joinville Island i Active Sound. Det vart grovt kartlagt av Falkland Islands Dependencies Survey i 1954, og vart namngjeve i 1956 av UK Antarctic Place-Names Committee etter «Diana» (kaptein Robert Davidson), eit av skipa under Dundee kvalfangstekspedisjon som vitja Joinville Island-området i 1892–93.[14]
Nodule Nunatak er ein liten, men markant og isolert nunatak på 440 moh., som ligg 3 nautiske mil (6 km) sør for Mount Tholus. Han vart kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1953-54. Det skildrande namnet vart gjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1956.[15]
Mount Tholus er det høgaste fjellet, på 825 moh., på ryggen som strekkjer seg sørvest frå Postern Gap sentralt på Joinville Island. Det vart kartlagt av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1953-54 og vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1956. Namnet er skildrande; «tholus» er ein rund, kuppelforma struktur.[16]
Postern Gap er eit pass sentralt på ryggen på Joinville Island, like aust for Mount Tholus. Det vart kartlagt av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1954. Det fekk namnet sitt av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) fordi det var den einaste vegen over ryggen frå sentrale område til sørkysten av Joinville Island. Postern er eit engelsk ord for ‘bakdør’.[17]
Gibson Bay er ei lita bukt like vest for Mount Alexander, der Active Sound og Firth of Tay møter kvarandre. Ho blei oppdaga og namngjeven den 8. januar 1893 av Thomas Robertson, skipperen på kvalskipet «Active» frå Dundee.[18]
Mount Percy er eit markant fjell på 765 moh. som er det høgaste fjellet på Joinville Island. Det ligg like nord for Mount Alexander nær midten av øya. Det vart oppdaga av ein britisk ekspedisjon under James Clark Ross den 30. desember 1842, og kalla opp etter admiral Josceline Percy i Royal Navy.[19]
Mount Alexander er eit fjell med fleire toppar, den høgaste på 595 meter, som dannar halvøya mellom Gibson Bay og Haddon Bay. Klippa som utgjer den ytste delen av halvøya blei oppdaga den 8. januar 1893 av Thomas Robertson, skipperen på kvalskipet «Active» frå Dundee, og kalla Cape Alexander. Namnet blei endra til Mount Alexander av UK-APC i 1956 etter landmålingar av FIDS i 1953-54.[20]

Haddon Bay er ei bukt som ligg like aust for Mount Alexander langs sørkysten av øya. Ho vart oppdaga i januar 1893 av Thomas Robertson, kaptein på skipet «Active», ein av kvalbåtane frå Dundee. Bukta vart kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey i 1953 og vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee i 1956 etter professor Alfred C. Haddon, som hjelpte dr. W.S. Bruce med førebuingane for vitskapleg arbeid med kvalfangstekspedisjonane frå Dundee.[21]
Mount Quilmes (715 moh.) er eit hovudsakleg snødekt fjell som ligg nordaust for Haddon Bay. Namnet vart gjeve av Den argentinske antarktisekspedisjonen (1953–54) til minne om slaget med same namn der den argentinske skvadronen til admiral Guillermo Brown var med.[22]
Tay Head er eit klipperikt nes 6 nautiske mil (11 km) aust for Mount Alexander, som strekkjer seg ut i Firth of Tay på sørkysten av Joinville Island. Namnet vart gjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) i 1963 og er kalla opp etter Firth of Tay i Skottland.[23]
Taylor Nunataks er to isolerte nunatakar på 650 m og 660 moh. som er knytte saman av ein smal kam, som ligg søraust for Mount Quilmes på den austlege halvdelen av Joinville Island. Dei vart kartlagde av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1953 og gjeve namn av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter Robert J.F. Taylor i FIDS, som var hundelege ved Hope Bay i 1954 og 1955, og som var med landmålarane til FIDS til Joinville Island i 1953-54.[24]
Moody Point er eit nes på austenden av øya. Det vart oppdaga av ein britisk ekspedisjon under Ross, 1839–43, og vart namngjeve av han etter generalløytnant Moody på Falklandsøyane.[25]
Holmar og skjer ved øya
[endre | endre wikiteksten]Williwaw Rocks er to små skjer som ligg 3,5 km sør for Moody Point på austenden av Joinville Island. Dei vart kartlagde av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1953. Namnet kom av williwaw-vindar i nærleiken av Moody Point og dei nærliggande Danger Islands.[26]
Scud Rock er ein isolert holme som ligg 7 km sør for Moody Point. Han vart grovt kartlagd av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1953. Han fekk namnet sitt av UK Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) fordi ein observerte drivskyer (scud på engelsk) i området.[27]
Gaviotín Rock er ein holme som ligg i Larsen Channel, kring 1 km nord for isklippene på Joinville Island i Antarktis, og 3,5 km nord for Saxum Nunatak. Namnet Gaviotín (gull) finst på eit argentinsk kart i 1957.[28]
Sjå òg
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Joinville Island». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 19. oktober 2012.
- 1 2 Alberts 1995, s. 393.
- ↑ Alberts 1995, s. 455.
- ↑ Alberts 1995, s. 725.
- ↑ Alberts 1995, s. 41.
- ↑ Alberts 1995, s. 651.
- ↑ Alberts 1995, s. 81.
- ↑ Alberts 1995, s. 625.
- ↑ Alberts 1995, s. 246.
- ↑ Alberts 1995, s. 15.
- ↑ «Ambush Bay, Joinville Island». BirdLife Data Zone. BirdLife International. 2015. Henta 23. oktober 2020.
- ↑ Alberts 1995, s. 243.
- ↑ Alberts 1995, s. 205.
- ↑ Alberts 1995, s. 187.
- ↑ Alberts 1995, s. 529.
- ↑ Alberts 1995, s. 742.
- ↑ Alberts 1995, s. 586.
- ↑ Alberts 1995, s. 277.
- ↑ Alberts 1995, s. 568.
- ↑ Alberts 1995, s. 11.
- ↑ Alberts 1995, s. 303.
- ↑ Alberts 1995, s. 600.
- ↑ Alberts 1995, s. 734.
- ↑ Alberts 1995, s. 735.
- ↑ Alberts 1995, s. 502.
- ↑ Alberts 1995, s. 816.
- ↑ Alberts 1995, s. 658.
- ↑ Alberts 1995, s. 271.
- Denne artikkelen bygger på «Joinville Island» frå Wikipedia på engelsk, den 19. oktober 2012 og 3. juli 2026.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Alberts, Fred G., red. (1995), Geographic Names of the Antarctic (PDF) (2. utg.), United States Board on Geographic Names, henta 3. desember 2023
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå nettside eller dokument frå United States Board on Geographic Names-artikkelen. - Graham Land and South Shetland Islands, British Antarctic Survey (BAS), 2005, henta 3. mai 2024
- Sailing Directions for Antarctica: Includes Islands South of Latitude 60.̊, United States. Defense Mapping Agency. Hydrographic Center, 1976, henta 30. mai 2024
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå nettside eller dokument frå National Geospatial-Intelligence Agency.

