Diane de France

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Diane de France
Diane de France.jpg
Fødd 25. juli 1538
Paris
Død

11. januar 1619
Paris

Yrke politikar, lærar, hoffdame
Diane de France på Commons

Diane de France (25. juli 153811. januar 1619) var ei fransk adelskvinne fødd som uekte dotter, men seinare legitimisert, av kong Henrik II av Frankrike og Filippa Duci.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Diane de France blei fødd i Paris i 1538. Ho var det første barnet til Henrik, som då var dauphin (kronprins) i Frankrike. Han hadde vore gift med Katarina de' Medici i fleire år utan å få barn med henne. Svangerskapet til Filippa Duci, som han berre skal ha vore saman med éi natt, blei halde som prov på at Henrik ikkje var infertil.[1] Ho blei oppseda av den kongelege elskarinna Diane de Poitiers, noko som gav opphav til rykte om at denne skulle vera mora.[2]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Giftarmålet mellom Diane de France og Orazio Farnese måla av Taddeo Zuccaro.

Henrik fekk seinare fleire ektefødde barn med Katarina, men han legitimerte likevel Diane då han blei konge i 1547.[2] Ho var også ein favoritt av halvbroren Henrik III, som gav henne tittelen hertuginne av Angoulême i apanasje (berre i hennar levetid) i 1582.

I 1553 blei Diane gift med hertug Orazio Farnese av Castro 14. februar 1552,[3] men han døydde året etter i eit slag ved Hesdin.[4] I 1559 blei ho gift med hertug François de Montmorency (1530-1579),[5] eldstesonen til Anne de Montmorency.[2] Ho hjelpte ektemannen til å bli ein leiar for den moderate katolske gruppa Politiques under regjeringstida til Karl IX.[2] Ho fekk to barn i dette ekteskapet, dottera Anne og sonen François, men begge døydde unge. Etter at ektemaken døydde reiste ho eit hus i Paris som framleis står, Hôtel d'Angoulême Lamoignon.

Under Henrik III hadde Diane stor innverknad, og bidrog til tilnærminga hans til Henrik av Navarra, den seinare Henrik IV, som også sette pris på henne. Diane de France var som ei mor for niesa si, Charlotte de Montmorency, seinare prinsesse av Condé, som Henrik IV forelska seg i.[2] Ho hadde også oppsyn med oppsedinga av sonen til Henrik IV, den framtidige Ludvig XIII av Frankrike.

Diane hadde ein eigedom i Civray-de-Touraine der ho slo seg ned i 1589, etter drapet på Henrik III. Ho kjøpte også ein stor eigedom i Notre Dame La Riche der budde og slik heldt seg unna Paris og kampen mellom Henrik IV og Den katolske ligaen. I 1594 flytta ho frå Touraine til Vincennes. I 1609 fekk ho overført leivningane av Katarina de' Medici frå Blois til Klosterkyrkja Saint-Denis der Henrik II var gravlagd.

Thomas Boudin sin gravminneskulptur for Diane de France i marmor frå 1623 (Bibliothèque historique de la Ville de Paris)

Diane de France døydde 11. januar 1619, 80 år gammal. Ho hadde ingen barn som overlevde henne, ettersom dottera Anne og sonen François frå det andre ekteskapet hennar begge hadde døydd unge.

Breva til Diane finst att etter henne. Dei viser henne som «ei kvinne av stor toleranse og mot.»[2] Ho var kjend for å kunna synga og å spela lutt og andre instrument.[6]

Grav og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Etter at ho døydde i januar 1619 blei Diane gravlagd ved Couvent des Minimes de la place Royale i Paris den 8. februar. Ein koparplakett på kista hennar kalla henne «Diane de France, legitim kongsdotter og -syster, hertuginne av Angoulême, enkjehertuginne av Montmorency, død i Paris i januar 1619.»[a][7].

I 1623 blei grava utstyrt med ein minneskulptur i marmor utført av Thomas Boudin.[8] Dette er den einaste delen av gravminnet hennar som Alexandre Lenoir klarte å redda frå øydeleggingane under den franske revolusjonen.

Diane de France opptrer i boka Les Deux Diane av Alexandre Dumas.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Diane de France, fille et sœur légitime du Roy, duchesse d'Angoulesme, douairière de Montmorency, décédée à Paris en janvier 1619.»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Jennifer Gordetsky, MD; Ronald Rabinowitz, MD; Jeanne O’Brien, MD (April 2009), «The “infertility” of Catherine de Medici and its influence on 16th century France» (PDF), The Canadian Journal of Urology™, 16(2) 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 «Diane De France», Encyclopædia Britannica 
  3. Helge Gamrath, Farnese: Pomp, Power and Politics in Renaissance Italy, (L'Erma di Bretschneider, 2007), 70.
  4. Kenneth Meyer Setton, The Papacy and the Levant, 1204-1571, Vol. IV, (The American Philosophical Society, 1984), 596.
  5. Janine M Lanza, From Wives to Widows in Early Modern Paris: Gender, Economy, and Law, (Ashgate Publishing, 2007), 29.
  6. Jeanice Brooks, Courtly Song in Late Sixteenth-Century France, (University of Chicago Press, 2000), 12.
  7. Augustin Jal : Dictionnaire critique de biographie et d'histoire : errata et supplément pour tous les dictionnaires historiques, Henri Plon, Paris, 1867, s. 52 (Google Books).
  8. Bibliothèque nationale de la Ville de Paris : L'hôtel Lamoignon, dépliant édité par la Mairie de Paris