Diane von Fürstenberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Diane von Fürstenberg
Diane von Furstenberg 2011 Shankbone.JPG
Fødd 31. desember 1946
Brussel
Yrke moteskaper, prominense
Diane von Fürstenberg på Commons

Diane von Fürstenberg (fødd Diane Simone Michelle Halfin31. desember 1946) er ein belgisk-amerikansk motedesignar som særleg er kjend for si utforming av omslagskjolen.[1][2] Motselskapet hennar Diane von Furstenberg (DVF)[3] er eit verdsomspennande luksusmerke som er representert i over 70 land.[4] Det har hovudkvarter og flaggskipbutikk i Meatpacking DistrictManhattan.[5]

Sidan 2006 har von Fürstenberg vore president for Council of Fashion Designers of America (CFDA).[2] I 2014 blei ho rekna som den 68. mektigaste kvinna i verda av Forbes.[6] Time Magazine rekna henne som eit Icon i si liste Time 100 i 2015.[7]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Von Fürstenberg blei fødd i Brussel som Diane Simone Michelle Halfin i ein velståande jødisk familie.[8][9] Far hennar var rumensk-fødde Leon (Lipa) Halfin, som hadde flytta til Belgia frå Chişinău i 1929.[10] Mor hennar var gresk-fødde Liliane Nahmias, ein Holocaust-overlevande som hadde vore i Auschwitz.[11]

Etter å ha studert ved Universitetet i Madrid studerte von Fürstenberg økonomi ved Universitetet i Genève.[12] Ho arbeidde ei tid som assistent til motefotograf-agenten Albert Koski i Paris.[2] Deretter blei ho lærling i tekstilfabrikken til Angelo Ferretti i Italia.[2]

Ekteskap og karriere[endre | endre wikiteksten]

I 1969 gifta Diane seg med prins Egon von Fürstenberg, som også hadde studert i Genève, og fekk den tyske adelstittelen prinsesse von Fürstenberg. Paret slo seg ned i New York og fekk to barn, Alexander og Tatiana.[13] Paret skilde lag i 1973, men Diane fortsette å bruka namnet von Fürstenberg eller Furstenberg.

Kort tid etter at sonen blei fødd opna von Fürstenberg ei kledeverksemd. I 1974 deltok ho på ei motevising under New York Fashion Week der ho lanserte ein omslagskjole i jerseystoff. Designet tok verda med storm, og blei seld i over ein million eksemplar i løpet av dei neste to åra. Fürstenberg blei avbilda i kjolen på framsida av Newsweek i 1976, og plagget blei kjøpt inn av Metropolitan Museum of Art.[8][14] Ho lanserte også eit kosmetikkmerke der den første parfymen fekk namn etter dotter hennar, Tatiana.[15] Etter ein pause frå moteverda relanserte Diane von Fürstenberg selskapet og den kjende kjolen i 1997.[16]

Diane von Fürstenberg gifta seg opp att med forretningsmannen Barry Diller i 2001. Paret driv den filantropiske stiftinga The Diller – von Furstenberg Family Foundation.[16] Stiftinga deler mellom anna ut DVF Awards, ein årleg pris til kvinner som representer leiarskap, styrke eller mot i høve til kvinnerettar.[17] I 2011 tildelte stiftinga 20 millionar dollar til High Line-parken.[18]

Von Fürstenberg sit også i styret til Vital Voices, ein organisjon for kvinneleg leiarskap,[19] og tok del i prosjektstyret til NYCEDC som tok for seg framtida til moteindustrien i New York for borgarmeister Michael Bloomberg.[20] I 2016 designa von Fürstenberg t-skjorter for presidentvalkampen til Hillary Clinton.[21][22]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Diane von Furstenberg RTW Fall 2014». WWD. February 9, 2014. Henta February 10, 2014. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Diane von Furstenberg». Vogue. Henta July 17, 2012. 
  3. Schneier, Matthew. «Diane von Furstenberg». The New York Times. Henta July 17, 2012. 
  4. Jess Cartner-Morley, Diane von Furstenberg: "I danced at Studio 54. Now I work with Google", theguardian.com, July 1, 2014.
  5. «Diane von Furstenberg». Meatpacking district. Henta July 16, 2012. 
  6. «The World's 100 Most Powerful Women». Forbes. Forbes. Henta June 26, 2014. 
  7. «How We Pick the TIME 100». Henta July 14, 2016. 
  8. 8,0 8,1 , vintagefashionguide.com, 09/21/14 The Iconic Wrap Dress : Diane von Furstenberg%5d http://www.vintagefashionguide.com/2014/09/iconic-wrap-dress-diane-von-furstenberg/ The Iconic Wrap Dress : Diane von Furstenberg] Check |url= value (hjelp)  Missing or empty |title= (hjelp)
  9. «Top 50 most influential Jews 2013: Places 31–40». The Jerusalem Post. Henta October 19, 2013. 
  10. «Interview with Diane von Furstenberg». Forward. Henta September 22, 2010. 
  11. «Diane Von Furstenberg - MAKERS PROFILE». Makers: Women Who Make America. Henta March 20, 2014. 
  12. «Diane von Furstenberg profile». Henta July 14, 2016. 
  13. Wohlfert-Wihlborg, Lee The Original Von Furstenberg, Egon, Wakes Up to His Own Potential, People, December 21, 1981 Vol. 16 No. 25; http://www.people.com/people/archive/article/0,,20081006,00.html
  14. Menkes, Suzy (December 1, 1998). «The Charmed Lives and Free Spirit of Diane Von Furstenberg: It's a Wrap: The Image of an Era». The New York Times. Henta July 17, 2012. 
  15. «Diane Von Furstenberg – Designer Fashion Label». New York. Henta July 17, 2012. 
  16. 16,0 16,1 «Directors». The Diller – von Furstenberg Family Foundation. Henta April 19, 2012. 
  17. «Philanthropy». The DFV awards. USA: DvF. Henta April 19, 2012. 
  18. «Diller – von Furstenberg Family Foundation Makes Historic $20M Commitment to the Future of». The High Line. October 27, 2011. Henta April 19, 2012. 
  19. «Board of Directors». Vital Voices. Henta April 19, 2012. 
  20. Strauss, Steven; Sundjaja, Kristy; Gandhi, Meghana; Wong, Victor; Yoo, Jennifer (2012). Fashion.NYC.2020 (PDF). NYCEDC. 
  21. «Diane von Furstenberg Tee». Henta July 14, 2016. 
  22. Yotka, Steff. «Diane von Furstenberg and Eva Fehren Join Hillary Clinton's Made for History T-Shirt Project». Henta July 14, 2016.